Ber universitet og høgskular vurdera alternativ undervisning og eksamen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er viktig at vi gjer det vi kan for at studentar ikkje blir forseinka i utdanninga på grunn av virusutbrotet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.

Ifylgje departementet har universitet og høgskular sjølve i utgangspunktet handlingsrom og ansvar til å bestemma korleis undervisning og eksamen skal gjennomførast.

– Det betyr at universiteta og høgskulane må sjå på alternative måtar å gjennomføra undervisning, eksamen og praksis på. Viss det ikkje er mogleg å samla studentar i større lokale slik ein vanlegvis gjer, kan heimeeksamen eller munnleg eksamen over Skype vera eit alternativ, seier statsråden.

Ber universitet og høgskular setje ned krisestab

Han seier at departementet i samarbeid med sektoren vil vurdera om det er behov for gjera mellombelse tilpassingar i regelverket eller andre tiltak dersom studentane får problem med å gjennomføra praksisperiodar, obligatorisk undervisning eller eksamen.

Kunnskapsdepartementet ber vidare om at universitet og høgskular set ned krisestab for å handtera virusutbrotet, og at dei kvar veke leverer rapport over talet på smitta, kor mange som i karantene og korleis virusutbrotet påverkar undervisninga, gjennomføringa av eksamen og drifta generelt.

Illustrasjonsfoto: Tim Gouw/Unsplash