Oslo MDG vil forby reklame for fossilbilar og flyreiser
Oslo MDG meiner ein skal behandla forureining som alkohol og tobakk, og forby reklame for ting som skadar klimaet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er Dagsavisen som skriv dette.
– Den norske reklamelovgjevinga er allereie ganske streng, og det er forbode å reklamere for ting som tobakk, alkohol og produkt som rettar seg mot barn. Vi ønsker også å forby all reklame for fossil energi, fossilbilar, flyreiser og cruise, seier lokallagsleiar Sigrid Z. Heiberg til Dagsavisen.
- Les også: Isbrereklame ikkje bra for klimaet
– Tida er komen for å forby reklame
I helga hadde Oslo MDG årsmøte og vedtok mellom anna at dei ynskjer å forby all reklame for produkt og tenester som forureinar.
«Når vi som samfunn ønsker å få færre til å røyke, forbyr vi reklame for tobakk. Dette har vært ukontroversielt i mange tiår. Nå er tiden kommet til å forby reklame for selskaper og produkter som ødelegger klimaet og vårt fremtidige livsgrunnlag» står det i uttalinga ifølgje Dagsavisen.
Elbil-reklame skal vera lov
MDG ser likevel at grensa kan vera utfordrande å setje. Mellom anna vil dei at det skal vera lov med reklame for elbilar, sjølv om det ikkje finst nok kobolt til å erstatta alle bilar i verda med elbilar.
– Vi kjem til å måtte dele meir på ting framover. Men når det gjeld forbodet vil vi definera det på same måte som med tobakk og alkohol. Ein stad må grensa gå, seier Heiberg til Dagsavisen.
Les også: Nordmenn har nest høgast personleg forbruk i Europa
Vil ha mindre reklame for kjøt
Frå før av har MDG nasjonalt fleire forslag til mindre reklame i sitt partiprogram. Dei vil generelt skapa fleire reklamefrie soner for å redusera kjøpepress. Dei vil også sikra at skular og barnehagar er fri for produktreklame og ynskjer å stramma inn regelverket mot oppsøkjande reklame.
I tillegg har dei programfesta at dei ynskjer å ha mindre reklame for raudt kjøt, mellom anna ved å avvikla opplysingskontoret for animalske produkt, som til dømes vil sei Matprat.no.
Dei vil også ha bort reklame på kollektivtransport og infrastruktur, og forby retusjert reklame som fremjar urealistiske kroppsideal.