Superstjerna Halsey er nynorskentusiast
Før konserten fredag briljerte den amerikanske superstjerna med sine nynorskkunnskapar. Ho er ikkje den einaste kjendisen som har lært seg norsk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg er sliten men eg elskar dette landet!!!!!!!!!!!!!!
Fredag var den amerikanske superstjerna Halsey på veg til konserten sin i Oslo spektrum.
På Instagram stories kunne 25-åringen briljera med nynorskkunnskapane for sine 18,5 millionar følgjarar.
I neste melding skriv superstjerna at:
– Eg brukar litt nynorsk fordi det var slik eg lærte.
Nynorsk ekskjærast
Se og Hør har allereie plukka opp nyheita om at Ashley Nicolette Frangipane, som er artisten sitt verkelege namn, kan nynorsk.
Ifølgje kjendisnettstaden er grunnen til at superstjerna kan nynorsk at ho frå 2014 til 2015 var både kjærast og sambuar med norske Peder Losnegård, kjent under artistnamnet Lido.
Losnegård kjem frå Tysvær i Rogaland, som har nynorsk som administrasjonsspråk. 27-åringen har difor mest sannsynleg hatt nynorsk som hovudmål og vore ein ambassadør i møte med den amerikanske superstjerna.
Halsey og Lido har kanskje slått opp, men har halde fram både vennskapet og sitt profesjonelle forhold.
Losnegård har bidrege på produsentsida på både 2015-albumet Badlands og Hopeless Fountain Kingdom, som kom ut i 2017.
- Les også: Nynorsken har ein internasjonal fanskare
Italiensk nynorsk skiskyttaryndling
Halsey er ikkje den einaste profilen som har møtt på ein god nynorskambassadør.
I 2014 imponerte den italienske skiskyttaren Dorothea Wierer NRKs reporter med sine norskkunnskapar.
29-åringen er ein av dei absolutt største profilane under VM i skiskyting i Anterselva, som vart avslutta søndag.
– Eg snakkar litt nynorsk, men not veldig bra…ingen veldig bra, sa Wierer, som får hjelp av reportaren.
Når han prøver å læra Wierer frasen «jeg vant i dag» irrettesette italienaren han:
– Nei! Jeg er bokmål, presiserer Wierer, som understrekar at ho er nynorskbrukar.
Ifølgje Aftenposten var det skiskyttar Kari Mørkve frå Voss, som lærte medieyndlingen nynorsk.
- Les også: Lær nynorsk med Beyoncé!
Bokmålsdemokrat
Sist, men ikkje minst, har me den demokratiske presidentkandidaten Pete Buttigieg, som lærte seg norsk etter å ha lese Naiv. Super av Erlend Loe.
Han har svara både NRK og Dagbladet på norsk. Til sistnemnte fortalte presidentkandidaten at han lærte norsk gjennom læreboka Norsk, nordmenn og Norge, samstundes som han gjekk i Den Norske Lutherske Minekyrkja i Chicago, for å læra av preika.