Lær nynorsk med Beyoncé!

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 30.04.2018 09:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida.no har skrive fleire artiklar om den amerikanske superstjerna Beyoncé Giselle Knowles-Carter. Me har mellom anna undersøkt kva alle stortingsrepresentantane meiner om Beyoncé. Les saka her!

Her er oppgåver som kan vera fine å bruka i norsktimane:

Oppgåver

Les artikkelen Paradokset Beyoncé: frigjerar eller undertrykkjar? av Tora Hope.

  • Studer teksten. Kva sjanger kan dette vera?
  • Les ingressen til teksten. Kva bør vera med i ei innleiing?
  • Kva meining er det forfattaren fremjar i teksten om Beyoncé?
  • Diskuter kva som gjer ei ytring god.
  • Bruk teksten til innleiing til diskusjon i klassen.
  • Studér strukturen/komposisjonen i andre artiklar om Beyoncé. Finn du fellestrekk?
  • Skriv ein artikkel om ein artist, eit band eller ein type musikk du interesserer deg for, eller eventuelt ein type musikk som irriterer deg. Argumenter for meiningane dine! Send gjerne inn gode tekstar til tips @ framtida. no!

Kompetansemål:

–  skrive kreative, informative, reflekterende og argumenterende tekster på hovedmål og sidemål med begrunnede synspunkter og tilpasset mottaker, formål og medium

–  integrere, referere og sitere relevante kilder på en etterprøvbar måte der det er hensiktsmessig

Bonustrack

Test kunnskapane dine om Beyoncé!

Kjenner du igjen desse Beyoncé-songane på nynorsk?