Utval vil utvida retten til eksamen på eige skriftspråk

Det regjeringsoppnemnde universitets- og høgskulelovutvalet føreslår at retten til eksamen på eige skriftspråk blir utvida til også å gjelda private utdanningsinstitusjonar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsk Målungdom ser på forslaget som svært viktig.

– Fram til no har det vore slik at studentar må gje slepp på dei språklege rettane sine om dei vel ein privat utdanningsinstitusjon. Vi er glade for at dette no kan bli ordna opp i, seier Gunnhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom, i ei pressemelding.

Ho peikar på at alle studentar har behov for å møta språket sitt i kvardagen, uavhengig om dei studerer på ein privat eller offentleg institusjon.

– Denne endringa vil gjera det lettare å vera nynorskbrukar og vera med på å sikra det norske fagspråket, seier Gunnhild Skjold. (©NPK)

LES OGSÅ: Reagerer på dårleg omsetting på eksamen: – Vert vanskelegare å vere nynorskbrukar

Avgangselev ved Volda vidaregåande skule Reidunn Hånes Egge fryktar at dårleg nynorskomsetting kan gå ut over karakterane til ho og klassekameratane. Foto: Privat