Lurer du på kva du vil blir når du blir stor? Kanskje er denne lista til hjelp! Visste du til dømes at bingovertar tener meir enn frisørar?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Onsdag 5. februar kom SSB med siste statistikk på løn i landet.
Gjennomssnittsløna i september 2018 var på litt over 43 100 kroner, og i same månad i 2019 var den nærare 44 700 kroner.
Dette er ei lønsauke på 3,6 prosent – ei høgare lønsvekst enn me har sett på fleire år.
På topp tre lista over gjennomsnittleg løn finn me:
1. 112.040 kroner – Leiarar av olje- og gassutvinning m.m.
2. 111.190 kroner – Handels- og skipsmeklarar
3. 99.630 kroner – Finansmeklarar
Kanskje ikkje så rart at olje- og shippingmagnat John Fredriksen (74) er noregs rikaste?
- Vil du sjekke ut yrke som kan vera interessant? Sjekk spalta: Yrket mitt.
- Her kan du til dømes lesa meir om livet som veterinær.
Mest pengar i olja
Dei som tener desidert mest som gruppe, er dei som jobbar innanfor bergverksdrift og utvinning (der olje- og gassutvinning også er med). Dei hadde ei gjennomsnittleg månadsløn på 74 600 kroner, i september 2019.
Gruppa med lågast løn er dei som jobbar i hotell og restaurantbransjen. Der var gjennonssnittsløna 32 500 kroner. 1200 kroner (3,9 prosent) meir enn i september 2018.
Størst lønsvekst i Rogaland
For andre år på rad har Rogaland hatt størst lønsvekst, medan Oslo framleis er fylket med høgast gjennomsnittleg løn på 53 400 kroner.
Oppland er fylket med lågast gjennomsnittleg månadsløn på litt under 41 200 kroner i 2019. Framleis 3,4 prosent meir enn året før.
Her er oversikta over gjennomsnittleg månadsløn:
1. Leiarar av olje- og gassutvinning m.m. 112.040
2. Handels- og skipsmeklarar 111.190
3. Finansmeklarar 99.630
4. Toppleirarar i offentleg administrasjon 97.940
5. Leiarar av forsikring og finansverksemd 95.160
6. Flygarar 90.190
7. Finans- og økonomisjefar 87.420
8. Flygeleiarar 86.980
9. Geologar og geofysikarar 86.560
10. Legespesialistar 85.180
11. Forskings- og utviklingsleiarar 81.720
12. Sivilingeniørar (geofag, petroleumsteknologi, metallurgi m.m.) 81.570
13. Dommarar 81.290
14. Administrerande direktørar 80.250
15. Personalsjefar 79.420
16. Leiarar av IKT-einingar78.320
17. Sals- og marknadssjefar 75.600
18. Ingeniørar innan petroleum, bergverk og metallurgi 71.840
19. Sivilingeniørar (elkraftteknikk) 71.750
20. Leiarar av industriproduksjon m.m. 71.030
21. Allmennpraktiserande legar 70.410
22. Andre leiarar av produksjon og tenesteyting 70.160
23. Kontrolloperatørar ved olje- og naturgassraffineringsanlegg 69.850
24. Sivilingeniørar (maskin- og marinteknikk) 69.330
25. Andre sivilingeniørar (ikkje elektroteknologi) 69.250
26. Sivilingeniørar (elektronikk) 69.180
27. Leiarar innan akvakultur m.m. 68.880
28. Juristar og advokatar 68.830
29. Andre administrative leiarar 68.440
30. Politikarar 68.410
31. PR- og informasjonssjefar 67.920
32. Kjemikarar 67.030
33. Leiarar av logistikk og transport m.m. 66.470
34. Rådgivarar/forskarar, samfunnsøkonomi 66.130
35. Eigedomsmeklarar og – forvaltarar 65.970
36. Skipsmaskinistar 65.070
37. Tannlegar 64.900
38. Finans- og investeringsrådgivarar 64.820
39. Sivilingeniørar (kjemi) 64.470
40. Sivilingeniørar (bygg og anlegg) 64.350
41. Finansanalytikarar 64.300
42. Strategi- og planleggingssjefar 64.280
43. Dekksoffiserar og losar 64.140
44. Offiserar frå fenrik og høgare grad 63.990
45. Salskonsulentar innan tekniske og medisinske produkt 63.820
46. Teknikarar innan luftfartstryggleik 63.530
47. Systemanalytikarar/-arkitektar 63.400
48. Leiarar av helsetenester 63.280
49. Toppleiarar i interesseorganisasjonar 62.890
50. Salskonsulentar innan IKT-produkt 62.510
51. Operatørar innan boring m.m. 62.290
52. Andre juridiske yrke 62.210
53. Fysikarar og astronomar 62.070
54. Tryggleikssanalytikarar m.m. 61.560
55. Leiarar av bygge- og anleggsverksemd 61.540
56. Sivilingeniørar (miljøteknikk) 61.000
57. Sivilarkitektar 60.690
58. Andre programvare- og applikasjonsutviklarar 60.290
59. Revisorar, rekneskapsrådgivarar 60.190
60. Programvareutviklarar 60.030
61. Sivilingeniørar (telekommunikasjon) 59.870
62. Leiarar av utdanning og undervising 59.800
63. Landskapsarkitektar 59.330
64. Sivilingeniørar (industri og produksjon) 59.180
65. Farmasøytar 59.170
66. Elkraftingeniørar 58.890
67. Leiarar av eldreomsorg 58.800
68. Databasedesignarar og -administratorar 58.630
69. Helse- og miljøkontrollørar 58.430
70. Kjemiingeniørar 58.360
71. Elektronikkingeniørar 58.260
72. Biologar, botanikarar, zoologar m.m. 57.960
73. Rådgivarar/forskarar, samfunnsvitskap 57.860
74. Forsikringsagentar 57.360
75. LeIiarar i skogbruk, gartnerier m.m. 56.790
76. Lokomotiv og T-baneførarar 56.780
(SSB har slått saman t-baneførarar og lokomotivførarar. Lokførarane har langt høgare løn enn t-baneførarane. SSB seier dei har gjort dette fordi dei brukar yrkesklassifisering basert på ILO og EUs klassifisering.)
77. Rådgivarar innan kompetanseutvikling 56.700
78. Arbeidsleiarar, bergfag 56.590
79. Nettverks- og systemteknikarar, IKT 56.500
80. Andre ingeniørar 56.490
81. Leiarar av sosialomsorg 56.130
82. Kundebehandlarar lån og kreditt 55.850
83. Matematikarar, statistikarar m.m. 55.780
84. Personal- og karriererådgivarar 55.750
85. Energikontrolloperatørar 55.740
86. Arbeidsleiarar for kontorpersonell 55.620
87. Mekanikarar innan flytekniske fag 55.440
88. Applikasjonsprogrammerarar 55.350
89. Systemadministratorar 55.280
90. Arealplanleggarar 54.840
91. Maskiningeniørar 54.600
92. Bygningsingeniørar 54.590
93. Sivilagronomar m.m.54.550
94. Psykologar 54.510
95. Organisasjonsrådgivarar m.m. 54.500
96. Internett-teknikarar 54.190
97. Forfattarar m.m. 54.120
98. Skytebasar og sprengingsarbeidarar 54.100
99. Miljøvernrådgivarar 3.740
100. Seljarar (engros) 53.440
101. Leiarar av omsorgstenester for born 53.430
102. Jordmødrer 53.420
103. Veterinærar 53.320
104. Arbeidsleiarar, bygg og anlegg 53.290
105. Programleiarar i TV og radio 53.260
106. Meteorologar 52.810
107. Sports-, rekreasjons- og kultursenterleiarar 52.640
108. Regissørar 52.640
109. Kontrolloperatørar innan kjemisk prosessindustri 52.480
110. Driftsteknikarar, IKT 52.420
111. Journalistar 52.260
112. Landmålarar, kartografar m.m. 52.130
113. Innkjøparar 51.970
114. Reklame- og marnadsføringsrådgivarar 51.940
115. Geistlege yrke (innanfor kyrkjesamfunn) 51.880
116. Produkt- og klesdesignarar 51.820
117. Informasjonsrådgivarar 51.820
118. Universitets- og høgskulelektorar/-lærarar 51.530
119. Politibetentar m.m. 51.530
120. Kiropraktorar m.m. 51.210
121. Andre daglege leiarar i tenesteytande verksemder 51.100
122. Konferanse- og arrangementsplanleggarar m.m. 50.890
123. Spesialistar i pedagogikk 50.860
124. Ernæringsfysiologar 50.650
125. Rekneskapsførarar 50.430
126. Brannkonstablar 50.360
127. Skiftekonduktørar m.m. 50.280
128. Tekniske teiknarar 50.270
129. Høgare saksbehandlarar i offentleg og privat verksemd 50.130
130. Spesialsjukepleiarar 50.110
131. Nett- og multimediautviklarar 49.960
132. Prosessoperatørar (mineralprossesering) 49.900
133. Konduktørar 49.870
134. Takstmenn 49.820
135. Lektorar m.m. (vidaregåande skule) 49.730
136. Varehandelssjefar 49.360
137. Hotellsjefar 48.930
138. Sjefssekretærar 48.250
139. Arbeidsleiarar, industri 48.140
140. Yrkesdykkarar 47.990
141. Dirigentar, komponistar, musikarar og songarar 47.970
142. Speditørar og befraktarar 47.890
143. Andre lærarar 47.870
144. Personalkontormedarbeidarar 47.850
145. Automatikarar 47.360
146. Kontrolloperatørar innan metallproduksjon 47.150
147. Grafiske- og multimediadesignarar 46.890
148. Befal med sersjantgrad 46.810
149. Sjukepleiarar 46.810
150. Skogteknikarar 46.750
151. Optikarar 46.330
152. Yrkesfaglærarar 46.310
153. Brukarstøtte, IKT 46.270
154. Grunnskulelærarar 46.220
155. Teknikarar innan radio og tv 45.910
156. Agroteknikarar 45.830
157. Vernepleiarar 45.550
158. Spesiallærarar/spesialpedagogar 45.510
159. Logistikkmedarbeidarar 45.460
160. Andre yrke innan estetiske fag 45.330
161. Andre musikklærarar 45.240
162. Lønningsmedarbeidarar 45.180
163. Arkivarar og kuratorar 45.170
164. Protese- og tannteknikarar 45.150
165. Idrettsutøvarar 45.100
166. Presisjonsinstrumentmakarar og -reparatørar 44.930
167. Radiografar m.m. 44.840
168. Operatørar innan kjemisk industri 44.830
169. Rådgivarar/forskarar, humanistiske fag 44.790
170. Dataregistrerarar 44.600
171. Kjøreskulelærarar 44.460
172. Rådgivarar innan sosiale fagfelt 44.410
173. Rekneskapsmedarbeidarar 44.330
174. Kuldemontørar m.m. 43.930
175. Skodespelarar 43.900
176. Riggarar og spleisarar 43.890
177. Forsikrings- og finansmedarbeidarar 43.870
178. Kran- og heisførarar m.m. 43.760
179. Begravelsesbyrå- og krematoriearbeidarar 43.350
180. Ambulansepersonell 43.230
181. Advokatsekretær 43.210
182. Fyrkjele- og turbinoperatørar 43.190
183. Fotografar og filmfotografar 43.130
184. Bioingeniørar 43.100
185. Reseptarar 43.060
186. Fysioterapeutar 43.040
187. Koreografar og dansarar 43.030
188. Andre utøvande kunstneriske yrke 43.030
189. Dekks- og maskinmannskap (skip) 43.010
190. Skulptørar, kunstmålarar og andre biletkunstnarar 42.950
191. Serviceelektronikarar 42.930
192. Omsettarar, tolkar m.m. 42.800
193. Miljøarbeidarar innan sosiale fagfelt 42.780
194. Audiografar og logopedar 42.770
195. Bibliotekarar og andre informasjonsarbeidarar 42.680
196. Torghandlarar 42.630
197. Andre yrke innan offentleg forvalting 42.450
198. Fengselsbetentar 42.310
199. Anleggsmaskin- og industrimekanikarar 42.300
200. Teknikarar innan telekom 42.250
201. Energimontørar 42.240
202. Yrke innan alternativ medisin 42.190
203. Arbeidsformidlarar 42.160
204. Bergfagarbeidarar 41.970
205. Ergoterapeutar 41.910
206. Andre språklærarar 41.880
207. Tollarar 41.870
208. Elektrikarar 41.870
209. Trenarar og idrettsdommarar 41.840
210. Transportfunksjonærar 41.800
211. Tannpleiarar 41.790
212. Restaurantsjefar 41.780
213. Interiørdesignarar og dekoratørar 41.630
214. Bioteknikarar (ikkje-medisinske laboratorium) 41.550
215. Inkassomedarbeidarar m.m. 41.520
216. Andre helseyrke 41.390
217. Arkivassistentar 41.310
218. Betongarbeidarar 41.240
219. Desinfeksjonsarbeidarar og skadedyrnedkjemparar 41.220
220. Førskulelærarar 41.160
221. Skattefunksjonærar 41.110
222. Rørleggarar og VVS-montørar 41.110
223. Verktøymaker, låsesmeder m.m. 41.100
224. Anleggsmaskinførarar 40.950
225. Dørseljarar 40.770
226. Hushaldarar 40.430
227. Helsefagarbeidarar 40.240
228. Førtrykkarar 39.960
229. Religiøse yrke 39.950
230. Butikkavdelingssjefar 39.900
231. Kontormedarbeidarar 39.880
232. Steinhoggarar m.m. 39.760
233. Reisebyråmedarbeidarar m.m. 39.730
234. Andre opplysningsmedarbeidarar 39.730
235. Montørar av mekaniske produkt 39.640
236. Sveisarar 39.630
237. Montørar av elektriske og elektroniske produkt 39.620
238. Pakke-, tappe- og etikettmaskinoperatørar 39.450
239. Støparar 39.360
240. Lagermedarbeidarar og material-forvaltarar 39.120
241. Saksbehandlarar innan sosiale ytingar 39.070
242. Tekniske konservatorar 39.040
243. Operatørar innan metallurgiske prosessfag 38.900
244. Andre lærarar i estetiske fag 38.740
245. Andre personlege tenesteytarar 38.720
246. Isolatørar m.m. 38.680
247. Vaktmeistrar 38.670
248. Kundebehandlarar, bank og postkontor 38.620
249. Kundesentermedarbeidarar 38.620
250. Demonstrasjonsseljarar 38.600
251. Golv- og flisleggarar 38.400
252. Operatørar innan produksjon av betong m.m. 38.360
253. Taktekkarar 38.330
254. Reinhaldsleiarar i verksemder 38.320
255. Smedar 38.280
256. Koppar- og blekkslagarar 38.260
257. Metalldreiarar m.m. 38.250
258. Murarar 38.180
259. Telefon- og nettseljarar 38.170
260. Informasjonsskrankemedarbeidarar 38.080
261. Operatørar innan produksjon av gummiprodukt 38.050
262. Skinnarbeidarar og garvarar 38.020
263. Platearbeidarar 37.950
264. Overflatebehandlarar og lakkerarar 37.930
265. Billettseljarar 37.880
266. Trykkarar 37.830
267. Sjefskokkar 37.810
268. Fangstfolk 37.750
269. Bibliotekassistentar 37.630
270. Bilmekanikarar 37.580
271. Glassarbeidarar 37.570
272. Feiarar, fasadereinhaldarar m.m. 37.570
273. Lastebil- og trailersjåførar 37.540
274. Skreddarar, buntmakarar m.m. 37.410
275. Operatørar innan glas- og keramisk produksjon 37.390
276. Hjelpearbeidarar i anlegg 37.340
277. Møbeltapetserarar m.m. 37.330
278. Andre byggingsarbeidarar 37.190
279. Truckførarar 37.070
280. Jordbruks- og skogbruksmaskinførarar 37.050
281. Andre hjelpearbeidarar i industri 36.950
282. Eigar av kiosk/liten butikk 36.900
283. Gull- og sølvsmedar, gravørar m.m. 36.900
284. Andre salsmedarbeidarar 36.890
285. Operatørar innan plastprodukt 36.840
286. Tømrarar og snikkarar 36.830
287. Flyvertar, båtvertar m.m. 36.730
288. Bussjåførar og trikkeførarar 36.690
289. Målarar og byggtapetserarar 36.630
290. Sentralbordoperatørar 36.530
291. Vektarar 36.440
292. Andre kunsthandverkarar 36.370
293. Operatørar innan treforedling 36.340
294. Operatørar innan tekstilproduksjon m.m. 36.260
295. Renovasjonsarbeidarar 36.250
296. Resepsjonistar (ikkje hotell) 36.230
297. Postbod og postsorterarar 36.190
298. Operatørar innan næringsmiddelproduksjon 36.070
299. Andre pleiemedarbeidarar 35.930
300. Tele- og IKT-installatørar 35.930
301. Laste- og lossearbeidarar 35.920
302. Sports- og aktivitetsinstruktørar 35.880
303. Slaktarar, fiskehandlarar m.m.35.870
304. Måleravlesarar m.m.. 35.830
305. Helsesekretærar 35.680
306. Møbelsnekkarar 35.680
307. Handpakkarar m.m. 35.670
308. Operatørar innan trelastproduksjon 35.140
309. Bakarar, konditorar m.m. 35.020
310. Skogbrukarar 34.770
311. Reklamedistributørar m.m. 34.730
312. Heimehjelparar 34.540
313. Vevarar, strikkarar m.m. (innan husflidsproduksjon) 34.240
314. Kokkar 34.200
315. Operatørar innan papirprodukt 34.200
316. Bil-, drosje- og varebilførarar 33.980
317. Gjenvinningsarbeidarar 33.910
318. Hjelpearbeidarar i bygg 33.780
319. Industrisyarar 33.620
320. Kosmetologar m.m. 33.480
321. Innbindarar m.m. 33.180
322. Spinne- og nøstemaskinoperatørar 33.150
323. Altmoglegmann 33.120
324. Reinhaldarar i verksemder 33.080
325. Barnehage- og skulefritidsassistentar m.m. 32.920
326. Andre tryggleiksarbeidarar 32.810
327. Skuleassistentar 32.780
328. Butikkmedarbeidarar 32.540
329. Dyrepleiarar 32.500
330. Reiseleiarar og guidar 32.500
331. Sykkelreparatørar m.m. 32.270
332. Renseri- og vaskerimaskinoperatørar 32.150
333. Bod m.m. 32.040
334. Bilvaskarar 31.940
335. Korn- og grønnsaksprodusentar 31.920
336. Andre handverkarar 31.920
337. Varepåfyllarar 31.780
338. Reinhaldarar i private heimar 31.650
339. Bingovertar, bookmakarar m.m. 31.310
340. Andre hjelpearbeidarar 31.250
341. Frisørar 31.200
342. Hjelpearbeidarar i gartneri m.m. 31.130
343. Dyrepassarar og – trenarar m.m. 30.830
344. Servicemedarbeidarar (bensinstasjon) 30.820
345. Hotellresepsjonistar 30.550
346. Melke- og husdyrprodusentar 30.090
347. Intervjuarar 30.050
348. Kjøkkenassistentar 29.970
349. Bartendarar 29.820
350. Servitørar 29.800
351. Plante- og husdyrprodusentar (kombinasjonsbruk) 29.000
352. Gatekjøken- og kafémedarbeidarar m.m. 28.980
353. Hjelpearbeidarar i kombinasjonsbruk 28.170
354. Gateseljarar, mat 26.860
355. Hjelpearbeidarar i nyttevekstproduksjon 26.830
356. Hjelpearbeidarar i husdyrproduksjon 26.230
Det er sjølvsagt mange fleire yrker enn desse som finst, men SSB har ikkje oppgjeve gjennomsnittsløna for desse. Dette fordi det er så få som har desse yrkene.