Fem ting du kan gjera i staden for meiningslaus scrolling


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

For ei lita stund sida, medan mi skjermtid auka og auka i takt med kortare og kortare dagar, bestemde eg meg for å ta nokre grep. Fleirfaldige timar på Facebook og Instagram skulle ikkje lenger prega min kvardag.

Eg har difor den siste tida forsøkt å fylla den daglege tommelgymnastikktida mi med ting som, for meg personleg, gjev meir meining i kvardagen.

Sosiale medium kan vera skumle tidstjuvar, men ikkje fortvil dersom du kjenner det på same måte som meg!

Under har eg samla fem forslag til ting du kan bruke daudtida di til på bussen. Det kan også tolkast som desperate tiltak frå ei som tykkjer livet går altfor raskt, har alvorleg har-eg-blitt-gamal-no-frykt og ikkje ynskjer å sløsa eit einaste sekund.

Uansett, ta det frå nokon som kan det, og utnytt tida di slik:

1. Realiser din storslagne gründeridé!

Sit du på den beste_ideen_ever, men bruker tida di på ‘the gram’ i staden for å setje den ut i livet? No er tida komen for å bli Petter Stordalen sin verste fiende!

«Det er tøft å satsa. Det er derfor så få gjer det. Og det skal me vera takknemlege for. Det gjer det lettare for oss som tør» har hotellkongen sjølv uttalt. Vis at han tar feil, og ta fyrste skritt mot din store draum!

Kanskje er du den nye Petter Stordalen om nokre år. Foto: Foto: Jacob Mørch/Norsk olje og gass

2. Bruk tida di på bok

«Åja, ho meiner at eg skal lesa ei bok» tenkjer du sikkert no. Men kvifor stoppa der? I staden for å lesa ei bok, kan du like godt skriva den sjølv. Dette gjev deg ei ekstra kjelde til inntekt, samt moglegheita til å pensjonera deg året etter dersom boka visar seg å verte verkeleg god. Ganske flott, ikkje sant? Kva ventar du på?

Kva med å lese, eller skrive. ei bok? Foto: David Iskander, Unsplash.com

3. Lær deg noko nyttig (eller ikkje)

Eit nytt språk? Meininga med livet? Pi? Berre fantasien set grenser for kva du kan læra deg!

Den største kjelda til kunnskap har du som regel godt plassert i neven, men i staden for å sjekka talet ‘likes’, kvifor ikkje sjekka Duolingo? Eller Store Norske Leksikon?

Duolingo har over 300 millionar brukarar som lærer 35 ulike språk, både ekte og fiktive. Siste tilskot er skotsk-gælisk. Illustrasjon: Duolingo

4. Mediter litt

I det siste har eg vorte ein stor fan av å meditera. Dersom du, slik som meg, tenkjer alt for mykje absolutt heile tida, rår eg deg til å prøve det også. Gjerne den timen du brukar på mobilen før du legg deg. Ved å vera på sosiale medium rett før leggjetid utset du deg sjølv for ein type blått lys, som gjer det vanskeleg å sovna etterpå. Dersom du heller mediterer, roar du ned kroppen samstundes som du vert roleg til sinns. Då plar det ikkje vere ei stor utfordring å sovna etterpå.

Kva med å meditere litt før leggetid? Foto: Jyotirmoy Gupta, Unsplash.com

5. Framsnakk deg sjølv

Det er ikkje noko løyndom at sosiale medium lett gjev deg ein knekk i sjølvtilliten, og samstundes kan føra til at du får vonde tankar om deg sjølv. Derfor kan du ta tida du elles hadde brukt på å rakka ned på deg sjølv, til å seie noko positivt i staden! Me veit alle at ein fortener det. I tilfelle dette er heilt nytt for deg, så kjem det nokre tips her:

«Herregud, så sjukt fin eg var i dag»

«Wow, kva for ei gudinne er dette?»

«Damn, girl!»

…og så vidare…

Ein har berre eit gitt tal timar kvar dag, og for meg kjennast det litt surt at ein stor del av dei går med til å scrolla opp og ned. Det er så utruleg mykje ein kan nytte tida si til, og difor har eg byrja dette prosjektet. Kanskje du sjølv kjenner deg litt inspirert til å minska den daglege SoMe-bruken?

Lukke til!

Du opplever kulturen i eit nytt land på ein heilt anna måte dersom du snakkar språket, skriv Tomine Berge. Ho er TAF-elev ved Knarvik vidaregåande. Foto: Privat