Frp går ut av regjeringa

Det er samla sett ikkje grunnlag for at Frp blir i regjeringa, seier partileiar Siv Jensen på ein pressekonferanse måndag ettermiddag.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 06.02.2020 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frp-leiar Siv Jensen seier at ho meiner at statsminister Erna Solberg (H) framleis er den rette til å styra landet.

– Eg tok oss inn i regjering, no tar eg oss ut av regjering. Me får rett og slett ikkje gjennomført nok av Frps politikk til at det er verdt å bli påført fleire tap, seier Siv Jensen på ein pressekonferanse måndag.

Stolt av Frp-politikken i regjering

Jensen sa på pressekonferansen at ho er stolt av politikken Frp har gjennomført i regjering dei siste seks og eit halvt åra. At det var utfordringar òg i den første regjeringsperioden med Høgre, men at det var med regjeringsutvidinga problema for alvor byrja.

– Gradvis vart begeistringa meir og meir borte. Over tid har politikken vorte prega av for mange grå kompromiss, sa Jensen vidare.

Eige møte med Høgre, Venstre og KrF

Det ekstraordinære landsstyremøtet i Frp byrja klokka 12 måndag ettermiddag etter at Frp-leiar Siv Jensen tidlegare på dagen deltok i eit møte med statsminister Erna Solberg (H) på Statsministerens kontor (SMK).

Samtidig med møtet i Frp-landsstyret, der fleire av medlemmene var med per telefon, heldt regjeringsmedlemmene i Høgre, Venstre og KrF eit eige møte ved Statsministerens kontor.

Karl-Oskar Sævik (23) er Herøy Frp sin ordførarkandidat. Pressefoto