Frp-rokering i regjeringa: Søviknes gjer comeback og Listhaug får tyngre rolle
Terje Søviknes og Sylvi Listhaug i nye ministerpostar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tidlegare olje- og energiminister Kjell Børge Freiberg (Frp) fekk avskjed i nåde under ekstraordinært statsråd på Slottet
– Som de ser, er det ikkje heilt nye fjes, men det er gjort to endringar i statsråd, sa statsminister Erna Solberg til pressa etter statsrådet.
Ho kom ut på slottsplassen saman med dei to Frp-nestleiarane, som begge har fått nye jobbar.
Terje Søviknes tapte i nye Bjørnafjorden kommune og no tek over Sylvi Listhaug sin post som eldre- og folkehelseminister. Listhaug blir ny olje- og energiminister.