Ung politikar: Karl-Oskar frå Herøy Frp

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Interessa for politikk utvikla seg gjennom ungdomsåra. Eg var heile tida klar på kva parti eg høyrde til, men det tok nokre år før eg faktisk melde meg inn, skriv Karl-Oskar Sævik i ein e-post til Framtida.no.

Etter at herøyværingen melde seg inn i Framstegspartiet tok det ikkje lange stunda før han fekk verv i partiet, og fekk delta på både fylkesårsmøte og landsmøte.

– Ungdommen krev i grunnen ikkje så mykje

Karl-Oskar Sævik er ordførarkandidat for Framstegspartiet i Herøy, og er ein av dei rekordmange unge som står på liste framfor haustens kommuneval.

NRK skreiv denne månaden at 20 prosent av alle toppkandidatane på vallistene er under 40 år – ein del så høg at den overraska sjølv valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforskning.

Samstundes trur Bergh at fleire unge på liste, kan føre til at fleire unge også går til valurnene i september.

23 år gamle Sævik håpar at han som ung ordførarkandidat kan vere med på å engasjere ungdommen, og vise at kommunestyresalen ikkje berre er for dei som er 40 pluss.

Han meiner det er viktig å ha fokus på saker som ungdom er opptatt av og at han der har eit aldersfortrinn.

– Det er kanskje litt lettare for meg som ung å finne ut kva ungdommen vil. Ungdommen krev i grunnen ikkje så mykje, men dei ynskjer seg ein uformell møtestad kor dei berre kan chille og vere med vener på fritida, og det meiner eg vi skal klare å få til, skriv 23-åringen.

Kystkommunen Herøy kan skryta av fugleøya Runde og Runde fyr, som er populær e turistattraksjonar. Foto: Tobias Van Der Elst, Flickr (CC BY-SA 2.0)

Maritim næringskommune

Sævik skildrar heimkommunen som ein flott øy-kommune ytterst på Søre Sunnmøre. Kommunesenteret ligg i den «lisje» byen Fosnavåg og næringslivet består i stor grad av maritime næringar som offshore og fiskeri.

– Eg meiner Herøy er eit veldig godt eksempel på godt samarbeid mellom næringslivet, det offentlege og frivillige for å skape gode oppvekstvilkår i ein kommune, skriv Sævik, som sjølv er fiskar.

I tillegg skryt han av ein «fantastisk skjærgård som utkonkurrerer dei fleste på ein fin sommardag» og fugleøya Runde som trekk turistar på sommarane.

Les også om herøyværingen Maria Espeseth Sævik (15), som drøymer om å verte fiskar! Foto: Eivind Mikal Sævik.

– Eg vil heller fokusere på miljøet

Ordførarkandidaten Karl-Oskar Sævik vil ikkje seie at Herøy kommune har så mykje klimautfordringar lokalt.

Eg vil heller fokusere på miljøet, her meiner eg kommunen har meir å bidra med. Som ein kystkommune har vi ein del søppel og plast longs fjøra, og her kan kanskje kommunen bidra med nokre gulerøter til frivillige som ynskjer å rydde.

– Korleis vil du legge til rette lokalt for at Noreg skal nå klimamålsetjingane?

– Som ein stor maritim kommune så kan kommunen bidra med å sikre landstraum i hamnene, slik at vi reduserer utsleppa frå skipa. Vi kan også setje av areal der private kan etablere ladestasjonar til elbilar. Og ved innkjøp av nye bilar til kommunen, kan vi velje el-bilar så lenge dei tilfredsstiller behovet til kapasitet.

Ann-Christine Mikkelsen (24) vil vere ei stemme for dei som står utanfor samfunnet. Foto: Privat

Karl-Oskar Sævik

Alder: 23 år

Yrke: Fiskar

Parti: Framstegspartiet

Kommune:  Herøy, Møre og Romsdal