Duolingo opplever gælisk-boom

På nokre månader har 140.000 sett i gang å læra gælisk med språkappen Duolingo. Det er over dobbelt så mange som kan språket i dag.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skotsk-gælisk, som oftast vert kalla gælisk, er eit lite keltisk språk. No ser språket ut til å få ein kraftig oppsving, ifølgje The Guardian.

Raskast veksande Duolingo-språk

I 2011 var det i underkant av 58.000 skottar som sa dei kunne gælisk. Det utgjorde 1,1 prosent av befolkninga i Skottland og berre halvparten av desse var lese- og skrivekunnige i det gamle språket.

Etter at gælisk vart lansert på språkappen Duolingo kort tid før St. Andrews Day 30. november 2019 har 140.000 personar meldt seg opp til å læra språket gælisk.

Det er 13.000 fleire enn torsdag 2. januar, då The Guardian melde om at gælisk ser ut til å verte det raskast veksande språket på den populære språkappen, som har 300 millionar brukarar på verdsbasis.

Ifølgje avisa er 80 prosent av dei som har meldt seg opp frå Skottland, medan resten er frå andre delar av verda.

Skotsk språkfokus

Men det er ikkje berre via appar at interessa for gælisk veks. Då Scotland Open University lanserte eit gratis nettkurs i gælisk førre månad fekk dei 7000 unike brukarar.

I fjor vart også verdas første Scots language Awards delt ut i Glasgow. Prisen gjekk til Sheena Blackhall, som skriv poesi på den skotske dialekta dorisk.

Bakgrunnsfoto frå Blindern av Alexander K. Lykke, André Nilsson Dannevig og Julian Kirkeby Lysvik. Pressefoto frå Beforeigners nytta i collage av høvesvis: Eirik Evjen/HBO Nordic og Lukas Salna/HBO Nordic