Nesten ein av tre vil ha vegetarmat i jula
Sjølv om kjøt står på menyen for dei fleste dei tre juledagane, vil ein av tre likevel ha eit kjøtfritt alternativ ein av dagane, viser undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ein av tre vil ha eit kjøtfritt alternativ i løpet av juledagane 24.-26. desember.
Opplysningane kjem fram i ei undersøking Norstat har gjort på oppdrag frå Opplysningskontoret for frukt og grønt, fortel NRK.
- Les også: Desember 2012: Vi spurte ei rekkje matmedvitne personar om kva dei skal ha til julemiddag, og kva tankar dei gjer seg om kvifor dei et akkurat desse rettane.
Har gått for langt
Fleire eldre som kanalen har snakka med, meiner ønsket om kjøtfri jul har gått for langt.
Andre meiner alternative julemenyar er heilt problemfritt.
Det er kvinner og dei mellom 18-25 som i størst grad svarar at dei kunne ete eit måltid eller fleire utan kjøt i jula.
- Les også: Dei beste julemattipsa
Trur kjøttfri jul blir meir vanleg
Butikksjef Ingvild Winterstø på Coop Obs i Stavanger trur fleire og fleire vil velja vegetarmat i jula, og fortel at salet av veganske pølser er dobla det siste året.
Ho får støtte av Coop-direktør i region Vest, Dag Ove Aksland, som peikar på at det blir stadig større utval av kjøterstatningsprodukt. Han trur difor kjøtfri julemat kjem til å bli meir og meir vanleg.