Slik forklarer dei julematen sin

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi spurte ei rekkje matmedvitne personar om kva dei skal ha til julemiddag, og kva tankar dei gjer seg om kvifor dei et akkurat desse rettane.

For dei fleste er mantraet at jula er ei tid der tradisjon og kos til sjuande og sist avgjer kva som står på bordet, ikkje andre omsyn.


Arne Hjeltnes:
 Me er eit utruleg matland

Kva skal du ete til julemiddag?
– Eg et pinnakjøt frå Evanger. Det er ein familietradisjon, som eg synes høyrer jola til. Etterkvart som ein vert vaksen er maten og samværet viktigare enn pakkane. I år har eg tenkt å spe på med litt pinnakjøt av villsau frå Hitra.

Kva meiner du folk bør tenke på når dei komponerer julemenyen?
– I fylgje Arne Brimi er det aller viktigaste stemninga ein skapar rundt bordet. I jola er det kjekt å invitera fleire og passa på at det ikkje er nokon som sit åleine. Når det gjeld maten, så synest eg folk skal satsa på den gode norske maten. Me er eit utuleg matland. Vel du pinnakjøt, bør ha ein lett forrett (eg har ikkje forrett i det heile teke). Og bruka god tid. Det er mektig kost. Til dessert har me gjerne moltekrem.

LES OGSÅ: Vil dyrke fram den gamle maten

Anne Viken, veterinær og forfattar:
– «Godt norsk» er ein vits

Kva skal du ete til julemiddag?
– Eg skal ete ribbe frå sauer som har gått ute og kosa seg, som ikkje har blitt sendt på utmarksbeite full av giftplantar eller rett i ein rovdyrkjeft av bønder som meiner det er ein menneskerett å ha sauer og at ulven bør døy. Mange sender dyra sine på beite i områder der dei vert utsette for blant anna den farlege romeplanten, vel vitande om at planten er der. Det er fullstendig uansvarleg, men blir gjort likevel.

Kva meiner du folk bør tenke på når dei komponerer julemenyen?
– Som dyrlege meiner eg dei må tenke på dyrevelferden. Ønsker dei å servere kjøt frå dyr som har hatt det godt eller dyr som ikkje har hatt det bra? På den andre sida er dette for forbrukar umogeleg å vite. Det er mykje dårleg hald av sau i Noreg, og det er komplett umogeleg for forbrukar å vite om dette, då marknadsføringa av norsk mat vert presentert som at Noreg er best i verda på dyrevelferd, noko vi ikkje kan dokumentere at vi er. Godt norsk er ein vits.

LES OGSÅ: Opnar for meir gift i maten

Arild Hermstad, leiar i Framtiden i våre hender:
– Legg vekk klimakalkulatorar

Kva skal du ete til julemiddag?
– I år er det pinnekjøt i tråd med god vestlandstradisjon. Eg er bergensar, og då er det ingen tvil om kva som er rett på julaftan. Eg er særleg glad i kålrotstappa som tilbehør, med masse fløte.

Kva meiner du folk bør tenke på når dei komponerer julemenyen?
– Eg synest at det er god grunn til å legge vekk klimakalkulatorar og lista over miljøforsett når du set deg til bords på julaftan. For dei interesserte, så er det stor variasjon i miljøbelastinga frå dei klassiske norske julerettane, der torsk og svin nok kjem betre ut enn pinnekjøtet. Viktigast for miljøet er likevel kvardagsmaten resten av året!

LES OGSÅ: – Forbrukarane bruker ikkje makta si

Gunhild Stordalen, lege og styreleiar i GreeNugde:
– På Julaftan skal det være lov å skeie ut

Kva skal du ete til julemiddag?
– I år blir det hotelljul, og dermed buffetmiddag på julaftan. Buffet betyr som regel at det er lett å velje både sunt og klimasmart.

Kva meiner du folk bør tenke på når dei komponerer julemenyen?
– Kva vi et påvirker ikkje berre helsa vår, men også klima, miljø og dyrevelferd. Som klimaengasjert lege tilrår eg alle å redusere inntaket av raudt kjøt og spise meir planter; det er ein vinn-vinn for deg, dyra og planeten.

– Men så er eg oppteken av å legge til at det viktigste er ikkje kva ein et mellom jul og nyttår, men mellom nyttår og jul. På Julaftan skal det vere lov å skeie ut, så eg synest ikkje dette er dagen for peikefinger og moral. Så unn deg gjerne både ribbe og juleskinke, men sørg for at det er ein lukkeleg og økologisk gris som hamnar på tallerkenen. Og et masse av det gode vegetariske tilbehøret.

LES OGSÅ: Sterkøl gjer det sterkt

Monica Bjermeland, Informasjonsrådgjevar, Cicero, senter for klimaforsking:
– Skal som alltid ete pinnekjøt

Kva skal du ete til julemiddag?
– Eg er nordvestlending og skal som alltid ete pinnekjøtt (men ikkje så mykje).

Kva meiner du folk bør tenke på når dei komponerer julemenyen?
– Julemenyen bør gjere folk glade og svoltne. Eg har elles stor tru på tradisjonar 24. desember.

 


Espen Heggedal, leiar i Grønn hverdag:
– Folk skal først og fremst kose seg

Kva skal du ete til julemiddag?
– Då skal eg ete både pinnekjøt og ribbe. Begge er tradisjon og begge smakar godt, i jula.

Kva meiner du folk bør tenke på når dei komponerer julemenyen?
– Dei skal først og fremst tenke på å kose seg, og på kor fint det er med tradisjonar. Når dei handlar kan dei også gjerne tenke på at det dei kjøper er bærekraftig og økologisk. Då skjenker dei også ein tanke til naturen som gir oss all vår mat og drikke. Og planlegg gjerne å ete restane seinare i jula, saman med gode vener.

 

Gunda Djupvik, kokebokforfattar og matentusiast:
– Skrell poteter saman med ein eller ei du er glad i

Kva skal du ete til julemiddag?
– Viss eg får bestemme heilt sjølv, vert det fåreribbe med brudavollmôr, rabbestappe, surkål, poteter og sjy attåt. Eg er vaksen opp med julemiddagar der "alt" vart servert på ein gong, får, svin, medisterpølser og -kaker med alt tenkeleg tilbehør. Det syns eg blir for voldsomt. Å velge ein ting, enten får, svin, kalkun eller torsk, gjer matlaginga enklare, og det vert mindre restar.

Kva meiner du folk bør tenke på når dei komponerer julemenyen?
– Ikkje lag middagen for komplisert og tidkrevjande. Legg vinn på å få tak i gode råvarer, begynn i tide og bruk tid på å få til ein god saus eller ei god rabbestappe. Resten blir bra om du tek tida til hjelp og ikkje stressar. Salt svineribba i god tid, gjerne ein til to dagar før den skal serverast. Pass på å legge fåreribba i vatn to dagar før julaftan, og bytt gjerne vatn etter ein dag. Skrell poteter saman med ein eller ei du er glad i, så blir det mykje koselegare.

Åse Kringlebotn, kommunikasjonssjef, Opplysningskontoret for egg og kjøt:
– Lurt å ha medisterkaker og julepølse i tillegg

Kva skal du ete til julemiddag?
– Julaftan skal vi ete ribbe. Det er tradisjonen i mi familie, slik som det er for dei fleste andre familiar på Austlandet. Til dessert har vi alltid heimelaga karamellpudding.

Kva meiner du folk bør tenke på når dei komponerer julemenyen?
– Alle skal kose seg med julemiddagen! Skal ein ha ribbe julaftan, er det difor smart å tenke på følgjande: Med små barn til stades, er det lurt å ha med medisterkaker og julepølse i tillegg, for ribbe kan vere litt tøff kost for dei aller minste (og kanskje for dei aller eldste).

Britt Kåsin, informasjonssjef i Opplysningskontoret for frukt og grønt:
– Den eine menyen kan være like rett som den andre

Kva skal du ete til julemiddag?
– I min heim har vi tradisjonen tru ribbe, medisterkaker og medisterpølse, surkål med litt eple i, poteter og nyrørte tytebær. Desserten er riskrem med skolda mandlar og raud saus kokt på frosne jordbær. Dette er den tradisjonen vi har vekse opp med, som foreldra og besteforeldra våre. Barna og barnebarna mine kan ikkje tenke seg noko anna å ete på julekvelden. Jeg har vekse opp på gard på Hadeland, der vi hadde produksjon av poteter. Det var alltid Kerrs Pink-poteter som stod på julekveldsmenyen.

Kva meiner du folk bør tenke på når dei komponerer julemenyen?
– Eg trur det er viktig for dei fleste å ta vare på eigne tradisjonar. Og den eine menyen kan være like rett som den andre. Men å føle at maten, på lik linje med det meste andre i jula, inneber tradisjonar, trur eg er av stor betydning. Vi minnast pyntinga, vi minnast luktene og smakane og vi minnast stemninga. Og smaken av julemattradisjonen trur eg er viktig.

LES OGSÅ: Framtidas mat


Siri Martinsen, veterinær og leiar i Noah:
– Jula er ei tid for ettertanke og omtanke

Kva skal du ete til julemiddag?

– Hos oss er det tradisjon med en ubeskriveleg god "julegryte" med mellom anna sopp og soyabitar, saman med kålrabistappe, raudkål, persillepoteter og mange andre av dei tradisjonelle vegetabilske julerettane. I år skal vi i tillegg lage ei nøttesteik etter oppskrift frå ein av Noregs beste vegetarkokkar, som tidlegare jobba på Resept i Stavanger. Julegrauten vert laga på mandel-, ris- eller soyamjølk med vaniljesmak – kjempegodt!

– Heil-vegetarisk mat er ei sjølvfølge i jula, som ellers; vi ønsker ikkje å skade dyr og ønsker å hjelpe til med å ta vare på miljøet.

Kva meiner du folk bør tenke på når dei komponerer julemenyen?
– Eg skulle ønske at fleire nytta høvet til å feire ei vegetarisk jul. Jula er ei tid der vi gjerne viser omtanke for dei ville dyra ved å til dømes legge ut mat til dei. Men det er ingen grunn til at det samstundes skal hende dei verste mareritta for andre dyr på slakteria i førjulstida, fordi borda skal overfyllast med kjøt. Det er sjølvsagt like viktig å ete vegetarisk resten av året, men jula er ei tid for ettertanke og omtanke – og det er nettopp det eit vegetarisk matvalg også handlar om.