UiO-forskar har funne ut at klimagassutsleppa frå musikkbransjen har auka med overgangen frå CD til strøyming.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei siste åra har strøyming av musikk erstatta avspeling av musikk frå CD- og vinylplater. No har forskarar sett på klimakonsekvensane av dette, skriv UiO på sine nettsider.
Det er forskarane Kyle Devine, førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo, og Matt Brennan frå Universitetet i Glasgow som har samarbeida om forskingsprosjektet «Musikkens kostnad».
UiO-forskar Devine har studert korleis dei miljømessige kostnadane ved musikklytting har endra seg frå 1970-talet fram til i dag.
– Ein av mytane forskinga konfronterer er tanken på at når musikk blir digital, så blir det mindre materielt. Men kva krevst eigentleg av ressursar for å kunne lytte til musikk via internett?
- Les også: Fem tips til å redusere internettbruken
Meir strøyming førte til mindre plast
Med nedlasting og strøyming som primærkjelda i den amerikanske musikkbransjen, gjekk også bruken av plast dramatisk ned.
– Intuitivt kan ein kanskje tenke seg at færre fysiske produkt betyr lågare CO2 -utslepp. Diverre er ikkje det tilfelle, seier Devine.
Kvifor er det sånn?
Når du lyttar til musikk og podkastar i strøymetenester som Spotify, blir dei digitale lydfilene oppbevart og handtert av datasenter som brukar mykje straum.
Oppbevaring og behandling av musikk i sky, er altså avhengig av store datasenter, som brukar enormt mykje ressursar og energi. Det fører dimed til klimagassutslepp.
Mykje høgare utslepp i dag enn tidlegare
Devine har omsett utsleppa frå produksjon av plast, og bruken av straum som går med i strøyming, til CO2-ekvivalentar. Slik kan han samanlikna kor stort utslepp av CO2-ekvivalentar musikkinnspeling har stått for i USA, i åra 1977, 1988, 2000 og 2016.
I 1977 var utsleppet av CO2-ekvivalentar frå innspelt musikk, 140 millionar kg.
I 2016 var talet rekna til å vera mellom 200 og 350 millionar kg.
Funna er tydelege: Utsleppa er mykje høgare i dag enn tidlegare.
Enorm klimakostnad
Devine fortel at dette overraska han.
– Den skjulte klimakostnaden ved musikklytting er enorm.
Han legg trykk på at poenget med forskingsprosjektet ikkje er å øydeleggja musikkgleda til folk, men å oppmoda forbrukarar til å tenke over kva valg ein tek når ein konsumerer kultur.
Kanskje er det på tide å dra fram igjen denne?
- Treng du musikktips? Sjekk ut Vekas musikktips her.