Frp i Rogaland vil fjerne sidemål i skulen

Mats Danielsen er Frp-politikar i Rogaland og hevdar at svake elevar får det enklare på skulen om dei droppar sidemål.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fylkestingsrepresentant i for Frp i Rogaland, Mats Danielsen, går til kamp mot sidemålet i det første fylkestingsmøtet etter valet, skriv NRK.

– Sidemålet skaper forvirring for elevane i vidaregåande, spesielt for dei som er svake i norskfaget. Sidemålet må vekk, seier han.

Åse Wetås, direktør i Språkrådet, er usamd i argumentasjonen til Danielsen.

– Det er ingen ting som tyder på at elevane blir sterkare i hovudmålet sitt av å ikkje måtte trene på sidemålet, tvert i mot. Det er heller ikkje noko som tyder på at elevane blir dyktigare av å ikkje få karakterar i faget, seier ho.

Gunnhild Skjold (23) frå Tromsø er leiar i Norsk Målungdom. Foto: Anna Sofie Ekeland Valvatne/NMU