Ein av sju unge har brukt cannabis det siste året
Det siste året har ein av sju personar mellom 16 og 24 år brukte cannabis, og over ein av fire i aldersgruppa har prøvd stoffet, ifølgje SSB-tal.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I befolkninga elles har 23 prosent prøvd cannabis, medan 5 prosent har brukt det dei siste 12 månadene.
I aldersgruppa 16–24 år har 26 prosent prøvd det, medan 14 prosent har brukt cannabis det siste året, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
Blant personar mellom 25 og 44 år har 31 prosent prøvd cannabis, medan berre 5 prosent har brukt stoffet det siste året.
Figur: Andel som har prøvd cannabis nokon gong, og andel som har brukt cannabis ein eller fleire gonger siste 12 månadar, etter aldersgrupper. 2019:
Mest vanleg blant menn
Cannabis, som er det vanlegaste ulovlege rusmiddelet i Noreg, er mest utbreidd blant menn.
19 prosent av unge menn har brukt stoffet det siste året, medan for kvinner mellom 16 og 24 år er delen nede på 10 prosent.
Eldre drikk oftare enn yngre
I undersøkinga kjem det også fram av 1 av 3 nordmenn drikk alkohol kvar veke.
I aldersgruppa 67–79 år oppgir 43 prosent at dei drikk alkohol éin gong i veka eller oftare, medan dette gjeld for 22 prosent av dei mellom 16 og 24 år.
Figur: Andel som har drukke alkohol ein gong i veka eller oftare og andel som har drukke minst 6 alkoholeiningar ved same anledning kvar veke, etter aldersgruppe. 2019: