Ny rapport: Noreg kan verte fossilfritt innan 2040

Naturvernforbundet har produsert ein rapport som syner at Noregs energibruk kan verte berekraftig innan 2040.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag lanserte natur- og miljøvernorganisasjonen Naturvernforbundet ein ny rapport om korleis Noreg kan fase ut fossil energi på drygt 20 år.

Sjølv utan storstilt utbygging av fornybar energi kan landet verte fossilfritt til 2040, hevdar rapporten Fossilfritt Norge. Det vil likevel krevje eit taktskifte i norsk klimapolitikk.

Det var Klassekampen som først omtalte saka.

«Business as usual» eller haldningsendring?

Første grep er å setje ein sluttdato for norsk oljeverksemd, og ei gradvis og styrt utfasing av olja.

Rapporten skisserer så to ulike scenario, miljøscenarioet og vekstscenarioet, for korleis landet skal kompansere for at den fossile energien stoppar opp.

Det førstnemnde innber å spare straum ved å gjere gamle bygg energieffektive og oppgradere eksisterande vasskraftverk. For forbrukarane vil det mellom anna seie tiltak som å etterisolere bustaden sin eller å ha solceller på taket.

Samstundes krev scenarioet ei haldningsendring – nordmenn lyt kutte i reiseaktiviteten. Rapporten påpeikar at trafikken lyt kraftig reduserast, og godsfraktinga bør føregå på skinner eller til sjøs – ikkje på bilveg.

I det andre scenarioet, vekstscenarioet, held transportaktiviteten fram å vekse. Vi køyrer bil som før, flyr litt meir og fraktar meir gods. Her vil det difor vere behov for mykje meir fornybar straum enn i miljøscenarioet, når olja tek slutt. Det vil difor vere naudsynt å byggje ut vindmøller eller nye vasskraftverk, seier rapportforfattar Holger Schaupitz til Klassekampen.

I miljøscenarioet vert oljekrana skrudd av fortare enn i vekstscenarioet. Dei begge vil samstundes krevje at ein satsar på auka produksjon og bruk av biogass.

Ungdomen i front

Holger Schlaupitz er fagsjef i Naturvernforbundet. Foto: Naturvernforbundet

Rapportforfattar Holger Schlaupitz seier til Klassekampen at miljøscenarioet har eit kjempepotensial. Han seier fleire forskingsrapportar viser at det er mykje straum å hente på energieffektivisering.

Schlaupitz er ikkje i tvil om at det første scenarioet er å føretrekke, og set si lit til at haldningsendringa er på veg:

– Vi ser ein del trendskifte no. At så mange unge engasjerer seg og tek til gatene for å demonstrere for klimaet, gjev meg håp om at miljøscenarioet ikkje treng å vere ei teoretisk skrivebordsøving, seier han til Klassekampen.

John Lynes (91) har blitt arrestert fleire gonger. Her under klimademonstrasjon med Extinction rebellion i England. Foto: Skjermdump/Matthew Thompson på Twitter