Likestillingspris til Norges Handikapforbunds Ungdom
– Folk veit ikkje at det er ein kamp som må kjempast, seier leiaren i NHFU.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– NHFU har betydd og betyr mykje i dagens likestillingsarbeid. Organisasjonen er synleg på mange arenaar i samfunnet og brukar eit vidt spekter av verkemiddel for å påverke haldningar og fordommar, seier Hans-Erik Skjæggerud i ei pressemelding.
NHFU: – Føler ofte vi vert gløymde
Leiar i NHFU Tamarin Varner seier til NTB at ungdom med funksjonsnedsetjing er ei minoritetsgruppe som ofte føler dei vert gløymde i samfunnsdebatten.
– Folk veit ikkje at det er ein kamp som må kjempast, og antek at dei i det gode Noreg har det godt, og så har dei eigentleg ikkje det når ein ser nærare på det, seier Varner til NTB.
Ho påpeikar at historiene til ungdom med funksjonsnedsetjing ikkje er synlege i nyheitene, verken dei positive eller dei negative.
Samstundes brukar dei mykje av tida si på å verte forståtte og sette, noko som går utover mogelegheita for å ha eit vanleg ungdomsliv, seier Varner.
– Det er ein kamp i seg sjølv for ungdom å verte forstått, og når ein ikkje vert det, då vert ein lei seg, og tenkjer: Kvifor er det ingen som kjempar for meg og forstår kvifor eg sit i rullestol eller har ei anna form for funksjonshemming, seier Varner til NTB.
- Les også intervjuet med Tamarin Varner: – Kva anna diskriminert gruppe opplever å bli utestengt frå 80 prosent av landets grunnskular?
Kunnskapsbasert og verdiorientert aktivisme
YS-juryen trekker fram arbeidet for å synleggjere system og strukturar som diskriminerer som ein av grunnane til at NHFU får årets likestillingspris.
Samstundes understrekar han at likestilling for personar med nedsett funksjonsevne føreset tilgjenge og tilrettelegging, og at mangel på det er systematisk diskriminering.
– Det handlar ikkje om individuelle feil og manglar ved folk, avsluttar Skjæggerud.
- Les også intervjuet med Anette Remme frå Unge funksjonshemmede: – Storsamfunnet må anerkjenna at alle har ein seksualitet – gjennom heile livet