Yrket mitt: Signe (31) er tannlege
Det mest gjevande med å vere tannlege, er å kunne hjelpe pasientar med sterk angst for tannbehandling, fortel Signe Rydland.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg hadde faktisk arbeidsveke hjå fotballtrenaren min som er tannlege, då eg var rundt 15 år. I den veka såg eg kor kjekt han hadde det på jobb! fortel Signe Rydland på e-post til Framtida.no.
Arbeidsveka skapte meirsmak, og då Rydland var ferdig på vidaregåande tok ho fatt på det femårige masterløpet for å verte tannlege.
– No jobbar eg faktisk på klinikken hans, 15 år seinare.
– Svarte det til forventningane?
– Ja, eg synest sjølv eg har den kjekkaste jobben eg kunne hatt!
– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?
– I løpet av dagen møter eg og tannhelsesekretæren min rundt 8 til 12 ulike menneske med ulike behov for tannlegetenester. Vanlegvis har eg fire-fem rutineudersøkingar, nokre fyllingar, eit par rotfyllingsseansar, og kanskje ei tanntrekking eller to. I tillegg pleier det å dukka opp ulike akutte problemstillingar som me må takla der og då.
– Førebudde utdanninga deg på yrket?
– I varierande grad, vil eg seia. Utdanninga har svært mykje praksis, med klinisk mengdetrening både på modellar og tålmodige pasientar. Det er likevel svært mange varierte oppgåver ein møter i mitt yrke som ikkje blir undervist på studiet. Dei som jobbar i privat praksis møter mange bedriftsøkonomiske og «utanomfaglege» utfordringar, sidan mange i privat praksis er sjølvstendig næringsdrivande eller praksiseigarar.
– Kva er det beste med jobben?
– For min del er det å møta pasientane mine det mest interessante. Eg synest det er givande å bli kjent med pasientane mine, følga dei opp og sjå korleis innsatsen min forhåpentlegvis kan gi pasientane betre tannhelse over tid, og samtidig større interesse for å ta vare på eigne tenner og oppleva mindre plager relatert til munn og tenner.
– I tillegg er det fantastisk kjekt å leggja flotte fyllingar av god kvalitet eller å byggja opp skadde framtenner slik at folk kan smila breitt igjen!
– Kva er det mest utfordrande?
– Dei pasientane med sterk angst for tannbehandling er ei av dei største utfordringane eg møter i kvardagen. Det er derfor også den aller største gleda me kan oppleva i vår jobb når me klarer å hjelpa desse pasientane, ikkje berre med den tannbehandlinga dei treng, men også med å redusera angsten og forhåpentlegvis litt betre livskvalitet.
- Veit du kva det mest utfordrande med å vere arkitekt er? – Å plutseleg skulle krevje pengar for noko som er so kjekt
– Kven passar yrket for?
– Ein bør vera glad i å møta ulike typar menneske, vera nysgjerrig på korleis ein kan hjelpa kvar enkelt. I tillegg må ein ha interesse for å tileigna seg mykje teoretisk kunnskap. God finmotorikk er nødvendig, og ein god porsjon estetisk sans.
– Eg pleier innimellom å kalla arbeidet mitt «brukskunst» – vel å merka med ein litt humoristisk undertone, men det ligg noko i det: Eg skaper noko som andre skal bruka, og som skal tjena eigaren godt, forhåpentlegvis i mange år framover, og det skal sjå fint ut!
– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?
– Det er nok fornuftig å vera førebudd på at ein bør busetja seg utanfor dei største byane etter enda utdanning om ein ønsker ein jobb med stor variasjon. Dei siste åra har det synt seg å «klumpa seg» med mange tannlegar i byane og færre i distrikta.
– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?
– Eg har jo tausheitsplikt, så det må vel svarast på litt meir generelt, men det mest fantastiske er å bidra til at menneske som har hatt smerter på og av i munnen i mange år (kanskje opp til 20-30 år) på grunn av tannbehandlingsangst, faktisk får hjelp, og kjem tilbake og oppgir å vera kvitt smertene!
Les også om korleis det er å vere spelutviklar: – Om eg tek ein kikk på klokka, er det ikkje fordi eg ventar på at dagen skal vere over, men fordi eg skulle ønskje eg kunne fått litt meir tid på jobb
Signe Rydland
Alder: 31
Frå: Stord/Fitjar
Yrke: Tannlege
Utdanning: Master i odontologi ved UiB