Høgre meiner Lånekassen må reformerast

Lånekassen ser at det er naudsynt med endringar og å tilpasse seg nye kundegrupper, noko Høgre er samd i.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nina Schancke Funnemark er administrerande direktør i Lånekassen og meiner Lånekassen kan bidra til å sikre vidare- og etterutdanning for nye kundegrupper, skriv E24.

– Det er snakk om den vaksne, i jobb, som må fylle på kompetanse for å halde seg relevant i arbeidslivet. Eller den vaksne eleven som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, men som treng det for å vere attraktiv på arbeidsmarknaden, seier Funnemark.

Kompetansepolitisk talsperson i Høgre, Mathilde Tybring-Gjedde, er einig med Funnemark. Ho peikar på at ordninga i dag stort sett er tilpassa studenten som tek ei bachelor- eller mastergrad på fulltid.

– Dersom vi skal sikre at folk står i arbeid lenger og at kompetansen ikkje går ut på dato, treng vi betre ordningar for livslang læring, seier ho.

Frå venstre: Sondre Vanvik og Sjur Førland ser fram til å jobba som sjukepleiarar.