Klima- og miljødepartementet løyva nesten éin halv million til kommunen, med håp om at dei skal bli eit føredøme for andre.

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det medfører store klimagassutslepp å produsere denne maten som vi berre kastar. Hadde vi fjerna matsvinnet i Norge, ville ein kutta utslepp tilsvarande over 400 000 bilar.

Det seier Solvor Stølevik, klima- og miljørådgivar i Kristiansand kommune.

– Dette handlar også om rettferdig fordeling. Medan mange i verda sveltar, kunne maten vi nordmenn kastar metta 800 000 menneske.

I 2016 vedtok politikarane i Kristiansand at dei skulle bli best i landet på reduksjon av matsvinn. I 2018 laga kommunen ein handlingsplan mot matsvinn for å følga opp dette. Nå har kommunen fått 417 500 kroner av Klima- og miljødepartementet til å vidareføra og utvida prosjektet.

– Dette handlar også om rettferdig fordeling. Medan mange i verda sveltar, kunne maten vi nordmenn kastar metta 800 000 menneske.

Det er i hovudsak måltidsrestar, brød og bakevarer, samt frukt og grønt som blir kasta i norske hushald, viser ei undersøking utført av Avfall Norge, Østfoldforskning og Mepex Consult AS.

Ifølgje Framtiden i våre hender utgjer nasjonale utslepp knytt til produksjon, transport og emballering av mat rett over éin million tonn CO2-ekvivalentar årleg. Av dette stod hushaldningane for 61 prosent, butikk og næringsmiddelindustri for 38 prosent, og grossistane for éin prosent.

Saman med kokk Trond Moi har kommunen laga filmar med råd om korleis ein kan kasta mindre mat. Foto: Ragna Marie Henden

Store mengder mat går til spille

Avfall Sør driv renovasjonsverksemda i regionen og er blant dei som deltar i prosjektet. I sorteringsundersøkinga deira frå 2018 anslår selskapet at 33 prosent av matavfallet vårt og 12 prosent av restavfallet består av matrestar som kunne vore etne.

Etter eit prosjekt med 20 prosjektfamiliar som skulle redusere matsvinnet sitt, kom kommunen fram til ti reglar for å bruke opp maten. Foto: Kristiansand kommune

Totalt utgjer dette 30 kilo matsvinn per person kvart år. Andre anslår talet til å vera så mykje som 42,1 kilo. (Det er stor uvisse knytt til dei fleste tala over, og spriket mellom ulike anslag er stort.)

Ni av ti nordmenn trur plast er eit større miljøproblem enn matsvinn. Men då trur dei feil, ifølgje Aina Stensgård i Østfoldforsking.

Så korleis løyser ein problemet?

Prosjektfamiliar til inspirasjon

Tidlegare har 20 familiar i Kristiansand, i eit samarbeid med Framtiden i våre hender, klart å redusera matsvinnet sitt med i snitt 60 prosent. Det prosjektet resulterte i ti reglar for matvett, som bildet til høgre viser.

Saman med kokken Trond Moi har dei laga videoar om korleis ein unngår matsvinn i praksis. For å minska svinnet i helsesektoren skal kommunen bli flinkare på å laga rett mengd mat, på å bruka opp matrestar, og på best mogleg oppbevaring av maten.

Det heile er eit samarbeid mellom kommunen og ei rekke aktørar, slik som Framtiden i våre hender, Avfall Sør, Klimaalliansen og næringslivet.

I skular og barnehagar skal dei skipa kurs for for tilsette og legga til rette for at matsvinn blir tema i det pedagogiske opplegget. Målet er auka kunnskap og respekt for maten, og eit forslag går blant anna på å bruke «vrakmat» i skulen.

Ved møteverksemd skal kommunen bestilla akkurat nok mat, og heller spe på med nøtter og frukt dersom det ikkje blir nok. Framover vil ein dessutan ha konferansar med «vrakmat»-servering.

– Eit mogleg samarbeid med Universitetet i Agder er også noko vi undersøker, fortel klima- og miljørådgivar Stølevik.

Tanken er at forskarar ved universitetet kan driva forsking- og utviklingsprosjekt med mål om å redusera matsvinn. I tillegg vurderer ein kurs retta mot studentar – ei gruppe der matsvinnet er spesielt høgt.

I tråd med tidsånda ser kommunen og Klimaalliansen også på om ein skal sponsa «pop-up»-restaurantar som nyttar råvarer av typen «best før, men ikkje dårleg etter».

Omlag éin time vekke ligg Arendal kommune. Dei har sett seg som mål å bli Noregs første klimanøytrale kommune. Her kan du lesa om korleis dei vil nå det målet.

Utstyrt med tre ulike appar vil Kristiansand kommune og utvalde daglegvarebutikkar redusera kasting av varer som er utgått på dato. Foto: Ragna Marie Henden

Håper på spreiingseffekt

For eit par år sidan lanserte Kristiansand kommune og Klimaalliansen «Matvinn-posen» til serveringsstader over heile byen. Tilsette skulle oppmoda gjester til å ta med seg overskotsmaten – det skulle ikkje kjennast flaut eller gnient å ta med ein «doggybag» heim.

– Vi likar best å kalle det «goody bag», legg Stølevik til, og minner om at denne også fungerer som eit informasjonstiltak, med tips mot matsvinn trykt på posen.

Mykje av matsvinnet skjer dessutan grunna kort haldbarheit. Derfor ønsker kommunen å informera om appar slik som Too Good To Go, Foodlist og Datomerking, som formidlar mat med kort haldbarheit til ein gunstig pris.

– Vi har dessutan tilsett ein praktikant i ei prosjektstilling, som jobbar spesifikt med matsvinn, og som har skrive masteroppgåve om emnet.

Med den nye løyvinga frå Klima- og miljødepartementet blir det mykje aktivitet framover.

– Nå skal vi følgje opp handlingsplanen og sette i gong fleire tiltak mot matsvinn. Vi skal undersøke kva folk vil ha, og kva som er rett tiltak å setje i gong, fortel Stølevik.

Målet til både kommunen og departementet er at dette skal ha ein spreiingseffekt langt utover kommunegrensene.

Les også om «Anno»-Enok, som reagerer på matkasting – oppmodar til boikott av NorgesGruppen:

Modell og tidlegare «Anno»-deltakar Enok Groven oppmodar alle til å tenkja over karbonavtrykket sitt og redusera eige matsvinn. Foto: Eivind Senneset/NRK