Regjeringa vil gjere utveksling tryggare
I fjor reiste om lag 1 800 norske elevar på utveksling, men regjeringa ønsker at det skal bli enda fleire. Derfor vil dei no gi utvekslingsorganisasjonane og skoleeigarane eit større ansvar for sikkerheita til elevane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringa vil stramme inn krava slik at utvekslingsorganisasjonar må ha faste rutinar for å unngå, fange opp og rette opp uakseptable situasjonar.
– Vi ønsker at enda fleire ungdommar skal reise på utveksling, men da må vi ha eit regelverk som bidrar til å gi elevane trygge, sikre og gode opphald, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).
Informasjon, råd og oppfølging
Regjeringa foreslår at utvekslingsorganisasjonane skal få eit større ansvar for å gi god informasjon til elevane før opphaldet, å gi råd og følgje opp elevane undervegs, og å sørgje for at vertsheimane har høg nok standard.
I tillegg gjer det nye regelverket det klarare kva som skal til for at ein utvekslingsorganisasjon skal miste den offentlege godkjenninga.
Forslaget til ny forskrift er no ute på høyring. Dei nye reglane skal bli gjeldande til søknadsrunden for godkjenning av utvekslingsorganisasjonar og utvekslingssamarbeid hausten 2019.
Les også om Caroline Piasecka som fekk betalt utdanning med idrettsstipend i USA.