Arbeidarpartiet vil auka bortebuarstipendet
Tidlegare pendlar og 1. nestleiar i AUF i Vestland, Egil Natvik Vestrheim, jublar over vedtaket fråmoderpartiet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det handlar om at ein skal ha like moglegheiter til utdanning uansett kvar du bur og kva utdanning foreldra dine har, seier 1. nestleiar i AUF i Vestland, Egil Natvik Vestrheim til Framtida.no.
Kjempar for stipendet
På Ap-landsmøtet førre helg fekk han gjennomslag for ei av hjartesakene sine. Partiet gjekk inn for auke i bortebuarstipendet, større satsing på studenthyblar og ein desentralisert skulestruktur.
Akkurat kor stor auke i bortebuarstipendet Arbeidarpartiet går inn for har dei ikkje fastsett. Natvik lovar å jobba vidare med saka.
I dag er bortebuarstipendet på 4.437 kroner i månaden. Vestrheim meiner det er for lite til å dekkje buutgiftene for dei fleste.
Snakkar av erfaring
AUF har òg vedtatt å endre krava om reisetid frå tre timar til to timar og vil at fylkeskommunen skal få ansvaret for å avgjere sakene og utføra skjønn.
– Ein skal ikkje bruke fleire timar kvar dag på buss, då mister du mykje tid og energi som du kunne brukt på andre ting. Eg pendla i fjor, så dette veit eg, seier Vestrheim.
Ungdomspolitikaren pendla nemleg til Sogndal vidaregåande skule.
Han meiner det er ekstra viktig med eit desentralisert skuletilbod slik at 16-åringar slepp å flytte heimafrå.
Les også: Det blir ikkje ein tredje sesong av «Lovleg»
Feirar skulemat
Elles er Vestrheim aller mest nøgd med gjennomslag for skulemat i grunnskulen.
– Det handlar om å sikre alle eit måltid i skulen, slik at det ikkje vert eit klasseskilje der nokon møter opp på tom mage og ikkje klarar å konsentrere seg.