Stadig fleire kjøper økologisk mat
I fjor handla nordmenn økologiske matvarer for nesten 2,9 milliardar kroner. Det er ein auke på 8 prosent frå året før.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ein rapport som Landbruksdepartementet la fram torsdag, viser sterk auke i omsetninga av økologiske meieriprodukt, brød, bakarvarer og barnemat i daglegvarebutikkane, medan omsetninga av frukt, bær, nøtter og drikkevarer gjekk litt ned.
– Nordmenn bruker stadig meir pengar på økologisk mat. Det er ein positiv trend, og det gir moglegheiter for bønder som satsar på økologisk produksjon, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).
Vel du økologiske varer i butikken?
Vel du økologiske varer i butikken?
Les også: Sogn Jord- og Hagebruksskule er den einaste av sitt slag i landet
Sterk vekst i økologisk areal
I fjor auka produksjonen av økologiske slaktekyllingar med ikkje mindre enn 34 prosent, medan eggproduksjonen auka med 12,5 prosent.
Som følgje av tørken i fjor sommar ventar Landbruksdepartementet ein halvert produksjon av økologisk korn i kornåret 2018–2019.
Rapporten viser elles at det økologiske arealet av jordbruksarealet i Noreg har gått ned frå 4,4 prosent til 4,2 prosent. Samtidig har arealet som er under omlegging til økologisk bruk, auka med så mykje som 40 prosent.
– Den sterke veksten i areal som snart blir økologisk, er positivt for den norske produksjonen av økologiske matvarer. Dersom trenden held fram, får vi større økologisk areal på sikt, seier Bollestad.