Unge Venstre krev betre behandling av born på flukt

Mellom 1. og 14. april arrangerer ungdomspartiet ei kampanje for å rette søkjelyset mot born på flukt

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 02.04.2019 17:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Hovudtanken bak kampanjen er at ikkje alle menneskje på flukt kan hjelpast der dei er. Når andre parti prioriterer politikk som gjer det vanskelegare for menneskje å søke asyl, så tvingar det kvinner, menn og barn til å foreta farlege land- og sjøreiser. Aller mest utsett er barn på flukt, seier leiar i Vestland Unge Venstre Ole Martini i ei pressemelding.

«Born på flukt» er temaet på Unge Venstre si vårkampanje.

Ifølgje Flyktningshjelpen er det i dag 68,5 millionar menneske på flukt, og halvparten av desse er born.

Les også meiningsinnlegget: «Ingen born skal verte diskriminerte. Likevel er det ei gruppe born i samfunnet som ikkje får den omsorga og hjelpa dei treng i kvardagen»

Behandlinga i Noreg sviktar

Unge Venstre vil at Noreg skal ta imot fleire kvoteflyktningar, i tillegg til å gje meir naudhjelp og arbeide internasjonalt for å løysa flyktningkrisa.

Vestland Unge Venstre meiner det ikkje er noko motsetnad mellom å hjelpe til i nærområda og å ta imot fleire flyktningar og asylsøkjarar.

Ole Martini

Ole Martini er leiar i Vestland Unge Venstre. Foto: Unge Venstre

Martini meiner born på flukt er sårbare på fluktrutene sine, men at også behandlinga her til lands er sviktande. Fylkesleiaren viser til at born på asylmottak i Noreg berre har mellombels opphald til dei fyller 18 år, at ikkje alle får vidaregåande opplæring og at omsorgsansvaret for mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år vert lagt til UDI.

– Det er klart at Noreg i dag diskriminerer mot barn på flukt, og dette må ta slutt, seier Martini.

Mellombels opphaldsløyve er ei ordning som Press Redd Barna Ungdom tidlegare har kritisert. I haust la organisasjonen fram rapporten Borte bra, hjemme best som kom med ti konkrete forslag til regjeringa. 

Unge Venstre vil:

  • Ta imot 5000 kvoteflyktningar
  • Stanse bruken av mellombels opphaldsløyve til einslege mindreårige asylsøkjarar
  • Flytte omsorgsansvaret for einslege mindreårige asylsøkjarar fra UDI til barnevernet
  • Gje barn i asylmottak rett til barnehageplass
  • Gje asylsøkjarar rett til vidaregåande opplæring