Natur og Ungdom: Skal kjempe mot oljeboring på landsmøtet
Denne helga samlast 65 forskjellige lokallag frå Lyngdal i sør til Hammerfest i nord, på Natur og Ungdom sitt landsmøte i Fredrikstad.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På landsmøtet skal organisasjonen peike ut dei viktigaste miljøsakene for 2019, og vedta kva krav dei vil stille til regjeringa i året som kjem. Det skriv Natur og Ungdom i ei pressemelding.
Leiar Gaute Eiterjord skal gjere opp miljørekneskapet for 2018, og presentere krava dei vil stille til regjeringa i året som kjem.
– Vanvitig stort gap mellom klimamål og klimatiltak
– Me fekk eit statsbudsjett for 2019 kor det er eit vanvitig stort gap mellom klimamåla og klimatiltaka, uttalte Eiterjord til Framtida.no like før årsskiftet.
– Eg er skuffa over at regjeringa ikkje tar klimakrisa meir alvorleg. Regjeringa har ikkje kome med eit einaste nytt klimatiltak sjølv om me har hatt tidenes ekstremvêrsommar og ein ny rapport frå FNs klimapanel som viser kor utruleg mykje det hastar å ta vare på klimaet.
Natur og Ungdom jubla tidlegare i haust, da AuF på sitt landsmøte gjekk inn for styrt avvikling av petroleumsindustrien innan 2035. Dei peika da på at olje og gass er Noregs største kjelde til klimagassutslepp.
Vil gjennomføre anke i klimasøksmål mot staten
På møtet skal Natur og Ungdom diskutere arbeidsprogram for 2019 og kva for saker dei skal jobbe med.
Dette er hovudpunkta som er foreslått at organisasjonen skal ta fatt på:
- At Arbeiderpartiet går inn for et oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja.
- Gjennomføre anken i klimasøksmålet mot staten for oljeboring i Barentshavet.
- Å stanse gruvene som planlegger dumping av gruveavfall i Førdefjorden og Repparfjord.
- Å stanse planene om en 3. rullebane på Oslo Lufthavn.
Gaute Eiterjord (23) fra Stavanger er innstilt på gjenval som leiar, Haldis Helle (21) frå Oslo er innstilt som 1. nestleiar, og Jørgen Næss Karlsen (21) fra Skedsmokorset er innstilt som 2. nestleiar.
Les også: – At klimagassutsleppa gjekk ned, viser at det er mogleg