Leiaren i Unge Venstre: – At klimagassutsleppa gjekk ned, viser at det er mogleg

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– At klimagassutsleppa gjekk ned, viser at det er mogleg

– Kva har gledd deg mest i 2018?

– Det eg synest var best med 2018, var at klimagassutsleppa gjekk ned med 1,6 prosent. Det viser at det iallfall er mogleg. Så det er eg glad for.

– Kva har skuffa deg mest?

– At Venstre ligg konsekvent under sperregrensa på alle målingar i snitt sidan juli. Og at vi ikkje får formidla til veljarane kva vi får til og kva vi hadde fått til om vi hadde hatt regjeringa åleine.

– Kva er ditt største ønske for 2019?

– At regjeringa kuttar i oljesubsidiane. At dei sluttar å betale folk for det.

Og så har eg lyst til å reise til syden. Til ein god og varm stad for å slappe av.

– Kva reisemetode skal du bruke til syden?

– Eg skal ta fly med biodrivstoff.

Les også: Sidemålssiger på Unge Venstre sitt landsmøte