Snart kan du lesa til førarprøven på nynorsk
Årets nynorskkommune brukar prispengane på å gje ut bok i samarbeid med Fagbokforlaget.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I dag er det ikkje tilgjengeleg teoribøker for teoriprøven til bil på nynorsk. Det vil Vinje kommune i samarbeid med Fagbokforlaget gjera noko med.
NRK Telemark melder denne veka at Fagbokforlaget og Vinje kommune skal gje ut ei lærebok til førarprøven klasse B på nynorsk.
Les også: Christina lærer unge å køyra lastebil
Tidlegare i år kåra Kulturdepartementet Vinje til årets nynorskkommune. Ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) avslører til NRK at kommunen vil bruka prispengane på 100.000 kroner på læreboka.
Norsk Målungdom skriv på Facebook at dei diggar at Vinje kommune brøytar veg for nynorsken og gjer det lettare å verta nynorsktrafikant:
Les også: Terje (24) overtok køyreskule etter faren – rett etter endt utdanning