Terje (24) overtok køyreskule etter faren – rett etter endt utdanning

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Terje (24) overtok køyreskule etter faren – rett etter utdanninga

Saka henta med velvilje frå Hallingdølen.

Å lære andre å køyre bil er ikkje for den som har nervane utanpå kroppen. Men for trafikklærar Terje Sletto (24) kan faktisk elevane i slutten av opplæringa vera dei skumlaste.

Då forventar dei fleste at eleven skal meistre det som krevst for å klare seg på eiga hand i trafikken.

– Så når nokon som aldri har gjort noko rart, plutseleg slår til med ein skikkeleg rampestrek, blir ein litt sett ut, forklarer Sletto.

– Med ein svak elev er ein alltid meir på vakt.

Korleis drive butikk?

Den vesle trafikkskulen med gul logo og to bilar i stallen, er midt i eit generasjonsskifte. Skulen har vore pappa Vidar Sletto sitt produkt sidan 1997. Arvingen Terje tok over som dagleg leiar i fjor. Det var ikkje heilt som forventa, skal ein tru Terje sjølv.

– Det låg absolutt ikkje i korta at eg skulle gå i fotspora til far min. Eg var meir glad i dataspel og slikt, men voks det frå meg. Men eg har vore med far min mykje når han har vore på jobb, og tenkte til slutt at det såg ganske artig ut, og noko eg kunne passe til sjølv.

Og det gjer han, denne karen frå Øygardane i Gol. Men å vera utdanna trafikklærar er ein ting. Det er noko ein studerer og får nok av praksis på ved universitetet i Stjørdal. Men ein lærer ikkje alt på studiet. Blant anna «Korleis drive butikk?»

Terje Sletto og elev Silje Sørensen (17) oppsummerer dagens køyretime. Foto: Foto: Susanne Adensfield/Hallingdølen

Planen var å jobbe som tilsett for faren i eit par år, og deretter ta over. Men dei fann ut at det var mest gunstig at Terje tok over med ein gong. Terje vart difor kasta rett inn i rolla som dagleg leiar, og med ansvar for heile bedrifta. Vidar er fagleg leiar for å sikre at jobben Terje gjer som nyutdanna er på eit forsvarleg nivå.

– Myndigheitene har utarbeidd ein læreplan som trafikkskulane må følge. Som nyutdanna har du ikkje lov til å starte for deg sjølv. Dei fryktar at det kan bli litt «vill vest» i bransjen om alle som går ut av studiet startar for seg sjølv.

Fekk etablert kundemasse

Å gå frå student til dagleg leiar var òg ein stor overgang.

– Det var tøft. Kjempetøft. Alt første dagen som dagleg leiar klarte eg å bli rundlurt av telefonseljarar. Det skjedde etter at me vart registrert i Brønnøysundregistra. Eg kvidde meg for å ringe far min for å fortelje at eg alt første dagen klarte å kløne det til, men etter ein telefonsamtale med Forbrukarrådet, vart dei plutseleg veldig medgjerlege og sleppte meg frå avtala. Eg truga med å tipse TV2 Hjelper Deg også.

Ikkje heilt den beste starten ein nyetablert kan håpe på. Men sidan har ting gått over all forventning.

– Å ta over etter far min betydde at eg fekk ein alt etablert kundemasse på 10–15 aktive elevar. Mange var skeptiske i starten, men det gjekk seg til etter kvart. Eg frykta at det ville gå tregt i starten, at det ville bli mykje tid på kontoret. Men bilen er i gang stort sett heile tida, og det gir inspirasjon.

Eldre kundar

Å vere ung i enkelte yrke kan by på utfordringar, både hjå kundar og den det gjeld. Terje var ferdig utdanna og kvalifisert til å drive køyreopplæring då han var 23 år. Mange av kundane er eldre.

– I starten syntest eg det var litt rart å skulle lære opp folk som er eldre enn meg. Men no er kundemassen i all hovudsak ungdom i 17–19 års alderen, så då går det litt betre. Eg har jo relativt nettopp vore i den alderen sjølv, og kan relatere meg til det dei går igjennom. Men det er klart, skiljet blir større og eg har ikkje lenger same tilknyting til denne ungdomsgruppa reint sosialt. Men eg ser på det som ein styrke heller enn ei utfordring å vere ung trafikklærar. Elevane synest kanskje det er meir avslappande å køyre med meg enn med ein meir autoritær figur, seier Sletto.

Les resten av saka i Hallingdølen!