Fritt skuleval for heile Vestland fylke stemt ned

Det bør ikkje bli fritt skuleval i heile Vestland fylke, meiner fleirtalet i fellesnemnda for det nye Vestland fylke.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleirtalet meiner at storfylket hovudsakleg bør halda på dei inntaksområda som gjeld for dei vidaregåande skulane i Hordaland og Sogn og Fjordane i dag.

Firda fortel at både politikarar og fylkesdirektørane har hatt ulike syn på kva som er den beste løysinga. Fylkesdirektøren i Hordaland hadde rådd til fritt skuleval i heile storfylket, medan fylkesdirektøren i Sogn og Fjordane har meint at det nye fylket bør ha fleire inntaksområde.

Også prosjektleiaren for fylkessamanslåinga delte dette synet som til slutt vann fram, fortel avisa.

Med Høgre og Framstegspartiet i spissen

Blant politikarane er det særleg representantane til Høgre og Framstegspartiet som har stått i spissen for fritt skuleval.

Fylkesformann Martin Jonsterhaug i Vestland FpU likar dårleg avgjerda til fellesnemnda. Han manar no ungdom til opprør for fritt skuleval, fortel NRK.

– Dersom nokon ønskjer seg vekk for å gå på skule, burde dei få lov til dette, utan at politikarane skal seia nei, seier han til kanalen.

Han håpar politikarane snur i saka som no skal ut på høyring.

Les også: Kan lotteri erstatte karakterar i inntaket til vidaregåande?