Miljøorganisasjonar refsar budsjettavtalen
Natur og Ungdom, Naturvernforbundet og ZERO er ikkje nøgd med budsjettavtalen mellom regjeringspartia og KrF.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Når me har stø kurs mot klimakrise held det ikkje å flytte småsummar, heile kursen må leggjast om, seier Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord i ei pressemelding.
Klimasats, Enova og økologisk grunnkart
Tysdag vart regjeringspartia og KrF einige om ein budsjettavtale, der det mellom anna er sett av 200 millionar meir til kilma- og miljø.
I forliket får Enova 100 millionar ekstra og tilskot til Klimasats, som er klimatiltak i kommunane, aukar med 50 millionar.
Andre tiltak er 10 millionar til meir til økologisk grunnkart, samt aukte tilskot til marin forsøpling og energibistand.
Eiterjord er ikkje imponert og kallar miljøsatsinga i budsjettavtalen for «smårusk».
Les også: Natur og Ungdom: Ei ny regjeringserklæring må setje miljø i førarsetet
Eiterjord: – Lovar ikkje godt
Natur og Ungdom reagerer på at regjeringa vidarefører kutt i løyvingane til skogvern og truga natur og at det framleis vert gitt nærare 100 millionar til oljeleiting i Barentshavet.
Eiterjord meiner regjeringa og KrF med dette budsjettet «abdiserer fullstendig i miljøpolitikken».
– Det er heilt ufatteleg at sjølv etter FNs klimapanel sin siste rapport, så er det nesten ikkje eitt einaste ekstra klimakutt i denne budsjettavtalen. Dersom dette er miljøsatsinga me får framover, lovar det ikkje særleg godt, seier Eiterjord i pressemeldinga.
Natur og Ungdom-leiaren meiner budsjettavtalen bør forkastast og ser til Arbeidarpartiets alternative statsbudsjett når han viser til at det er stor vilje på Stortinget til å kutte utslepp og starte omstillinga av Noreg.
Les klimareportasjen frå Svalbard – ei varsellampe for kva som kan skje.
Misnøye i Naturvernforbundet og ZERO
Natur og Ungdom får støtte av moderorganisasjonen Naturvernforbundet, som er glad for støtta til Klimasats og Enova, men etterlyser meir.
– Her er det ingen signal om omlegging av skatteregimet for oljenæringa, inga påplussing på sykkelvegar og ingen auke av klimaavgifter. Dette er altfor svakt, seier leiar Silje Ask Lundberg til NRK.
Heller ikkje ZERO-leiar Marius Holm er imponert.
– Dette budsjettforliket leverer ikkje på KrF sine løfte om å prioritere klima, godt illustrert ved at det ikkje eingong er ei eiga overskrift i forliket, seier ZERO-leiaren i ei pressemelding.
Holm hadde sett att budsjettet sikra tydelege betringar i avgifter på bilsal, ei auke i CO2-avgifter og støtte til utsleppsfri industri og fornybar energi i utviklingsland.