– In­gen skal sit­je ålei­ne på joleftan om dei ik­kje ynskjer det

– Har du in­gen å fei­re jol med, el­ler slit med å få en­de­ne til å mø­test. Kom og feir juleftan sam­an med oss, opp­mo­dar gjen­gen på fol­ke­høg­sku­len i Sel­jord.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er først publisert i Vest-Telemark blad.

Det blir tradisjonell jolemiddag, pyn­ta jo­le­tre og un­der­hald­ning når elevane ved Seljord folkehøgskule inviterer til jolefeiring.

– Det var Ire­ne som kom med ide­en, så blei me andre gira på å få det til, sei­er Lars Es­borg frå Dran­ge­dal og ser bort på Ire­ne Dju­ve som er til­sett som kokk på fol­ke­høg­sku­len.

Sam­an med dei andre sti­pen­di­a­ta­ne ved fol­ke­høg­sku­len i Sel­jord, som ei­gent­leg høy­rer heime i Grimstad, Ene­bakk, Svel­vik, Bæ­rum og på Domb­ås, vil gjen­gen stelle til ein al­ter­na­tiv jo­le­kveld.

Les også: – Eg har alltid lika å hjelpe folk og å gjera andre glad

– Fint å skape eit samlingspunkt

– Kvi­for ynskjer de å vere att i Sel­jord og fei­re jol sam­an her?

– Det er fint å ska­pe eit sam­lings­punkt der alle er vel­kom­ne på joleftan – barn, vaks­ne og eld­re. Kvi­for ik­kje gje­re noko for at flei­re skal få det fint den­ne kvel­den. Her er det plass til alle. Dette er i tråd med skulens verdiar, og solidaritetsarbeidet som skulen driv i vekene før jol. Arrangementet blir rusfritt og gratis.

Her er det plass til alle

Så langt er det hengt opp pla­ka­tar i Sel­jord og Bø, ar­ran­ge­men­tet er kring­kas­ta på Face­book, og re­spon­sen har vore svært po­si­tiv.

– Me hå­per at folk kan mel­de seg på, slik at me veit kor mykje mat me treng. Men her vil alle få kome inn uansett, lo­var Dju­ve.

Les også: Sirkus Sol skal spreie glede i eitt av verdas fattigaste land

God støt­te­spe­lar

Ung­dom­ma­ne har vore i kon­takt med verk­sem­der for støt­te, og fått inn ein del jo­le­gå­ver. Mat­kje­da Meny i Seljord har ver­ke­leg vore po­si­ti­ve.

– Dei spon­sar mat og drik­ke til selskapet. Det er fan­tas­tisk flott, smiler Dju­vet.

Det er ho som skal ha ho­vud­an­sva­ret for sprø svor på rib­ba.

– Men eg får god hjelp av den­ne gjen­gen også, smiler ho og legg til at det el­les vil bli ka­ker og kaf­fi og mykje godt slik det skal vere på jo­le­kvel­den.

– Er det andre som har lyst til å bi­dra med gå­ver el­ler anna til gjes­te­ne våre, ta gjer­ne kon­takt.

Gjengen kjen­ner ik­kje til at det har vore eit lik­nan­de til­bod på juleftan i Sel­jord tid­le­ga­re. Dei hå­per mange har lyst til å kome for å fei­re jol i peisestova på fol­ke­høg­sku­len, og at til­ta­ket kan bli ein fast tradisjon i åra framover.

– Og er det andre som har lyst til å bi­dra med gå­ver el­ler anna til gjes­te­ne våre, ta gjer­ne kon­takt. Skul­le det vere be­hov for tran­sport, så prøvar me så langt det lar seg gjere å få det til, smiler gjen­gen.

Les også: Tre av ti studentar er ofte einsame

Ters­kel

Ar­ran­gø­ra­ne ten­ker at det kan vera ein høg ters­kel for nokre å mel­de seg på, men hå­par li­ke­vel at folk vil kome.

– In­gen skal sit­je ålei­ne om dei ik­kje ynskjer det, el­ler kut­te ut å fei­re jol av øko­no­mis­ke grun­nar. Eg trur eg kjem til å hug­se den­ne jo­le­fei­rin­ga bet­re i fram­ti­da enn alle andre som har vore. Eg gler meg, smiler Anne Op­heim.

– In­gen skal sit­je ålei­ne om dei ik­kje ynskjer det

– Me fei­rar jol i peisestova uansett, så det er vel­dig tri­ve­leg om flei­re vil vere her sam­an med oss, sei­er Es­borg og får støt­te frå res­ten av gjen­gen.

Les også: Ein låt eg likar: Som eit instagramfilter for julestemning