Firda vgs.:
Dans- og dramalina er redda: – Meir enn ein skule
Politikarane i Vestland fylkeskommune har redda dans- og dramalina på Firda vidaregåande skule. Elevrådsleiar Alex Olai Sjøthun håpar all merksemda tilbodet har fått, gjer at fleire får auga opp for skulen.
– Det er på sin plass at politikarane set ned foten og vernar linene, skriv Alex Olai Sjøthun på SMS til Framtida.
Han er elevrådsleiar på Firda vidaregåande skule og går andre året på danselina.
Dansemiljøet på skulen har hatt ein dramatisk haust etter at fylkesdirektøren føreslo å ikkje ta inn nye elevar til dans og drama neste skuleår. Måndag ettermiddag kunngjorde eit fleirtal av fylkespolitikarane at dei vil halde fram med opptaket.
Sjøthun synest forslaget frå administrasjonen var kjipt, og meiner fylket berre ser tal.
– Dei ser ikkje folk som går på Firda. Dei ser ikkje klassane, dei ser ikkje elevane, sa han på telefon til Framtida førre veke, då lagnaden til skulen endå var uviss.
– Heilt spesielt
Sjøthun meiner miljøet på musikk-, dans- og dramalinene på Firda er unikt.
– Det er tre år med moro og læring, der du finn deg sjølv og dine folk. Det er meir enn ein skule – det blir ein familie. Fellesskapet og miljøet vi har på Firda, er heilt spesielt. Det vil eg tore å seie at ingen andre skular har, seier han.
Han viser til at skulen i 2017 vann Skuleprisen til dronning Sonja. Ein del av grunngjevinga var skulens tilnærming til inkludering og relasjonsbygging gjennom arbeidet for å sjå heilskapen rundt elevane.
Saman arrangerer elevane musikal, haustfest, konsertar og andre arrangement for både elevar og lokale. Dei vert også hyra inn av lokalsamfunnet. Sjøthun fortel at tredjeklassen på danselina nyleg opptredde på Loen hotell.
– Vi er ein del av samfunnet her. Viss du tar det vekk, riv du vekk ein veldig viktig del av distriktet, seier han.
Trivelege skuleår
Sjøthun meiner kreative fag som musikk, dans og drama er viktige alternativ for elevar som skal byrje på vidaregåande skule.
– Det er ein måte å komme seg gjennom vidaregåande skule på medan du gjer noko du likar og er med folk som har like interesser som deg, seier han.
På den andre sida står elevar som vert tvinga til å gå liner dei ikkje er motiverte for, i fare for å droppe ut av skulen, poengterer han.
I tillegg til trivelege skuleår får studentane generell studiekompetanse.
– Elevane blir alt ifrå brannmenn til ingeniør til legar til skipperar – dei kan bli kva dei vil, og det er difor folk vel det.
Dårlegare råd
Fylkesdirektør Robert Rastad i Vestland skriv i ein e-post til Framtida at bakgrunnen for forslaget var økonomien i fylket. Han viser til at fylkeskommunane får fleire lovpålagde oppgåver, og at kostnadene med desse aukar, utan at inntektene aukar tilsvarande.
– Det betyr at vi må sjå på ulike måtar å tilpasse tilbodet vårt til dei økonomiske rammene våre på, skriv han.
Han opplyser at vurderinga til administrasjonen om Firda vgs. er gjort basert på søkartal over tid, prognosar og økonomi.

Administrasjonen tilrådde også å legge ned andre liner i Vestland, mellom anna:
- Toppidrett ved Tertnes vgs.
- IB ved Bergen Katedralskule og United World College (UWC) i Fjaler
- YSK/TAF ved Måløy og Fusa vgs.
Også desse vert freda av politikarane.
– Irritert
Fylkesordføraren i Vestland, Jon Askeland (Sp), seier til lokalavisa Firda at han er irritert over forslaget frå fylkesdirektøren. Han viser til at politikarane har gjort eit vedtak om at desse tilboda skal lysast ut, så elevane får rett til å søke. Så må ein eventuelt ta valet om å ikkje starte opp tilbodet dersom søkartalet ikkje er høgt nok.
– Vi må sjølvsagt gjere tilpassingar når økonomien er trong, men den vurderinga gjer vi i mars når vi veit kva elevane har søkt, og ser kva interessa for faga er, seier han.
Dersom det skulle vise seg at det ikkje er nok søkarar til å starte til dømes dans- og dramaklasse på Firda, seier Askeland at elevar må førebu seg på å flytte til andre stader viss dei vil ha dette tilbodet.
– Vi ønsker å strekke oss langt for draumane til dei unge og kombinere dei med kva arbeidslivet treng lokalt. Ved å lyse ut tilboda, gir vi elevane ein sjanse og eit tilbod. Men skal liner som musikk, dans og drama bestå, må vi få nok søkarar, seier han.
Varslar ny kamp om naudsynt
Det er berre to år sidan førre gong fylkesadministrasjonen føreslo å legge ned tilbodet på Firda. Også då kom politikarane til unnsetning. Elevrådsleiar Alex Olai Sjøthun seier det er skummelt at linene vert truga igjen allereie.
– Eg er redd for at det skal skje igjen om ikkje lenge. Men om det skjer, kjem «motangrepet» frå elevane til å bli minst like stort, skriv Sjøthun til Framtida.
Han viser til at det var stor mobilisering blant elevar og støttespelarar, som har kjempa høglydt for dei kreative linene på skulen dei siste vekene.
Han vonar at nettopp dette engasjementet kjem til å gi framtidige søkartal ein «boost».
– Eg trur skulen kjem til å bruke dette høvet til å legge meir tid og ressursar ned i å få nye søkarar til neste år. Det er positivt for skulen at både tidlegare, noverande og nye elevar kom ut i media for å spreie gleda av å gå på linene. Dette kjem til å gjere at vi får fleire søkarar, som i 2024, skriv han.





