«Livet er eit lotteri. Det må skulen førebu eleven på»
«Me kan ikkje ha eit system som premierer elevar som vel enkle løysingar,» skriv Elisabeth Hekneby, leiar av Oslo Unge Høgre.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Livet er eit lotteri. Det må skulen førebu eleven på.
Sandra Tenud frå AUF skriv i eit innlegg at eksamen er eit tilfeldig lotteri, og at elevar sjølve bør få velja kva fag dei skal ha eksamen i. Intensjonen er god, men det er ei for enkel løysing på eit komplekst problem.
A4-skule
Grunnen til at mange elevar misliker eksamen, er fordi dei ikkje kjenner seg førebudde. Problemet er ikkje eksamen i seg sjølv, men at skulen ikkje gjer elevane godt nok i stand til å møta den utfordringa eksamen er. I dag er til dømes skulen for A4 og ikkje tilpassa kvar enkelt elev. Mange elevar sit time etter time og ser ut av vindauget fordi dei ikkje heng med på kva læraren seier.
Dersom ein sjølv kan velja kva fag ein vil ha eksamen i, vil alle velja dei enklaste faga. Eg trur få elevar ville valt å ha eksamen i fysikk 2 dersom dei kunne velja eit fag som dei opplevde som enklare. Ei ordning som dette oppmodar elevar til å velja enkle programfag, medan det samfunnet treng er at fleire elevar vel realfag.
Me kan ikkje ha eit system som premierer elevar som vel enkle løysingar.
Tenud skriv også at eksamenskarakteren ikkje bør vera ein eigen karakter på vitnemålet. I dag veit ein at spesielt mange gutar presterer betre på eksamen fordi det er ei anonym vurdering. Ei slik ordning vil derfor ramma elevar som får ein betre karakter på eksamen enn i standpunkt.
Takla det uføresette
Gjennom heile livet vil ein møta situasjonar som ein ikkje var førebudd på. Dagens eksamensordning gir ei trening i å takla det. Det å endra dagens eksamensordning til det AUF foreslår, vil vera å gjera norske elevar ei stor bjørneteneste. Tusenvis av elevar har komme seg igjennom skulen med dagens eksamensordning. Eg har tru på at også framtidas elevar vil klara det heilt fint.
Den viktigaste oppgåva til skulen er å førebu elevane på det livet som kjem. Det gjer dagens eksamensordning.






