Krigen i Sudan: Etnisk reinsing, valdtekt og barnesoldatar

Krigen i Sudan er inne i sitt fjerde år. Amnesty meiner at ein av dei krigførande partane er skuldige i etnisk reinsing.

Magnus Rotevatn
Publisert

– Fyrste gong eg blei valdteken, var det tre gjernings­menn. Eg hadde bind for auga, og dei heldt meg nede. Dei sa at dette skjedde fordi gutane våre, «falangay»-gutar, hadde kjempa.

Sitatet over kjem frå ei 13 år gamal sudansk jente og er gjeve att i ein rapport publisert av Amnesty International.

Sidan 2023 har Sudan vore råka av krig. Nær 15 millionar menneske har blitt sende på flukt, og truleg har fleire hundretusen folk blitt drepne.

Ein av partane i krigen – den paramilitære gruppa Rapid Support Forces (RSF) – er skuldig i etnisk reinsing og fleire brotsverk mot menneskeslekta, er konklusjonen i rapporten til Amnesty.

RSF kjempar mot Sudanese Armed Forces (SAF), som er det offisielle militæret i Sudan, om makta i landet. Også RSF var tidlegare knytt til den sudanske staten.

Etnisk motivert vald

Amnesty meiner at RSF har utøvd målretta vald mot folk med ikkje-arabisk etnisitet utan omsyn til om dei er militære eller sivile.

Det særs nedsetjande og rasistiske omgrepet «falangay» har vore mykje brukt i samanheng med RSF-åtak.

– Dei batt meg fast og slo med stokkar og ein AK-47, så kom det ein person ridande på ein kamel og sa eg er ein «falangay» og deretter skaut meg i leggen, seier ein 17 år gamal gut i Amnesty-rapporten.

Han tilhøyrer den etniske gruppa Zaghawa og blei offer for eit RSF-åtak i desember 2024. Fleire av familiemedlemmene hans blei drepne i åtaket.

Amnesty meiner at det er mogleg at RSF også er skuldige i eit folkemord, men har ikkje konkludert enno om dette.

Taktikk for å terrorisera sivile

RSF utøver seksuell vald i stor skala, ifylgje Amnesty.

Liv Tønnessen ved Chr. Michelsens Institutt forklarar at seksuell vald har blitt brukt som eit våpen i Sudan i fleire tiår.

Liv Tønnessen

– FN-organ og menneskerettsorganisasjonar omtalar seksuell vald som ein taktikk for å terrorisera sivile, spreia frykt og kontrollera befolkninga. I Dafur blir også seksuell vald i einskilde døme bruka i kampanjar av etnisk vald, skriv Liv Tønnessen i ein e-post til Framtida.no.

Tønnessen seier at det særleg er kvinner og jenter som har blitt ramma, men at menn også blir utsette for seksuelle overgrep.

– Risikoen er særleg høg under flukt, i leirar for internt fordrivne og i område kor væpna grupper opererer med stor fridom frå straff.

Rammar barn og ungdom

Krigen har ramma barn og ungdom hardt. Unicef reknar med at over fire millionar sudanske barn lir av akutt underernæring.

Gravejournalistikk-nettverket Bellingcat har stadfesta at båe partane i krigen brukar barnesoldatar.

– For mange barn finst det ingen trygge stadar, dei blir drepne og skada i heimane sine, på vegen, på marknadar og medan dei søkjer utdanning og helsehjelp, seier Sheldon Yett, Unicef sin representant i Sudan, i ei pressemelding.