Libanon utsette valet til 2028: – Uakseptabelt

Samstundes som ei våpenkvile i Libanon blir utfordra, er demokratiet deira sett på prøve.

Åshild Slåen
Publisert

Denne artikkelen er ein del av prosjektet «Gen Z i maktas korridorar» støtta av Fritt Ord. I denne serien løftar Framtida utanrikspolitiske saker sett frå andre land.

Natt til fredag kunne Libanon endeleg gå inn i ei våpenkvile etter over fem veker med åtak mellom Israel og Hizbollah. Få timar seinare skulda den libanesiske hæren Israel for å ha brote våpenkvilen sør i landet, og hevda blant anna at israelske soldatar har kasta granatar i sør.

Om libanesarar kan vente seg meir krig, eller endeleg får sjå starten på fred, er usikkert.

Det som er sikkert er at dei ikkje får nye leiarar med det første.

– Å flytte valet to år til forlengar berre ein mislykka politisk realitet som treng å endre seg straks. Å halde fram med den noverande situasjonen er uakseptabelt.

Det fortel Rodolph Zgheib (27) til Framtida. Han er den internasjonale sekretæren for partiet Lebanese Forces sin studentorganisasjon. Partiet er ein del av samarbeidsregjeringa i Libanon.

No bur Zgheib i eit land i krise.

USA og Israel gjekk til åtak mot Iran i starten av mars, og på grunn av den væpna gruppa Hizbollah, har Libanon blitt dratt inn i konflikten. I mars vart parlamentsvalet deira utsett frå mai i år til 2028, på grunn av krigen. Eit demokrati med fleire utfordringar, må altså vente to år på politisk endring.

Zgheib meiner det er altfor lenge.

– På grunn av splittingar i landet er ikkje det noverande parlamentet i stand til å leie skikkeleg endring. Ingen har majoriteten, og kvar gong noko må bli vedteke, blir det forma koalisjonar basert på interesser, ikkje innbyggjarane si velferd, skriv Zgheib på e-post til Framtida.no.

Han trur det hadde vore nok å utsette valet i seks månader, trass i krigen som føregår.

Eit uroleg demokrati

Libanesarar har erfaring med uro i landet deira. Zgheib kjem frå ein veldig politisk aktiv familie. Faren var ein del av Lebanese Forces medan dei framleis hadde våpen.

Partiet var tidlegare ei militær motstandsgruppe som kjempa mot Syria, då landet okkuperte Libanon, og mot væpna palestinske grupper. Dei kjempa blant anna i den libanesiske borgarkrigen, før dei la ned våpena og gjekk over til å hovudsakleg vere eit politisk parti.

27-åringen hugsar den syriske okkupasjonen, då folk som var kopla til Lebanese Forces vart arresterte, blant anna partileiaren Samir Geaga. Mange libanesarar, inkludert faren hans, måtte skjule at dei var involverte i gruppa.

Kven er Libanon?

Libanon ligg ved Middelhavet i Midtausten, og har landegrenser mot Israel og Syria. Kystlinja til Libanon strekker seg 225 kilometer. Landet er litt større enn Rogaland, men litt mindre enn Telemark.

Her bur det 5,8 millionar menneske til saman, inkludert både libanesiske statsborgarar og flyktningar frå andre land.

I 2025 rekna FN med at det var 1,3 millionar flyktningar frå Syria i landet, i tillegg til flyktningar frå Palestina, Irak, Sudan og andre land. Libanon er også eit land med religiøst mangfald, med forskjellige typar kristne og muslimar, og andre religiøse minoritetar.

Ifølgje grunnlova skal muslimar og kristne vere likt representerte i parlamentet.

Politikarar over 50

Du må også vere 21 år for å kunne stemme i Libanon, og 25 år for å stille til val i nasjonalforsamlinga, som har 128 representantar.

Berre to representantar i parlamentet er 30 år eller yngre. Den totale snittalderen er over 55 år.

– Det er ein kontrast til Noreg, der vi har ein 19-åring på Stortinget, seier Øyunn S. Kåset (26) på telefon til Framtida.no.

Ho er internasjonal kontakt for Grøn Ungdom. Alle dei norske ungdomspartia er med i eit prosjekt som skal skape møteplassar mellom norske og libanesiske ungdomspolitikarar. Kåset har merka kulturskilnadane i ungdomspolitikk når ho har vore på desse møta.

Nokre av dei libanesiske politikarane har fortalt Kåset at dei ikkje kan stille til val før dei er i 40-åra og har pengar til å drive valkamp. Kåset meiner det kunne hjelpe på ungdomsengasjementet i landet dersom dei fekk ei lågare aldersgrense for å kunne stemme og stille til val.

– Det er synd for dei som er unge som aldri kjem i ein posisjon der dei har makt og kan seie meininga si.

Zgheib meiner det ikkje er så enkelt. Han trur ikkje det er rett tidspunkt å innføre lågare stemmealder, og meiner flesteparten av unge folk ikkje får ei god nok politisk utdanning. Han meiner skulane fokuserer meir på korleis dei forskjellige institusjonane fungerer i samfunnet, heller enn å lære elevar opp i korleis innbyggjarar kan forme demokratiet.

– Vi må adressere skilnaden i demokratiopplæring først. Berre då kan vi vurdere å senke stemmealderen, når unge folk er betre informerte og meir involverte i det offentlege, seier han.

Det er i tillegg mange barn og unge som ikkje får noko utdanning. I 2023 rekna Unicef med at over 700 000 barn ikkje hadde tilgang til skule i Libanon, og i dag er det mange som ikkje kan møte opp i klasserommet sitt på grunn av krigen. Per 9. april blir 365 offentlege skulebygg brukte for å huse nokre av dei over éin million internt fordrivne innbyggjarane, og endå fleire skulebygg er stengde på grunn tryggleikssituasjonen, ifølgje Unicef.

Religion som ein del av staten

Ein annan kontrast til Noreg er polariseringa i både politikken og samfunnet til Libanon, meiner Kåset, og viser til kva norske ungdomspolitikarar kan dele på møta dei har.

– Eg trur noko av det viktigaste vi lærer bort, er at ungdomspolitikarar er venar. Sjølv om vi har politiske skiljelinjer som delar oss, er det mykje humor, hygge og venskap som oppstår på tvers. Det veit vi har ei viktig tyding for det norske politiske systemet, seier GU-politikaren.

Det står i kontrast til korleis det er i Libanon. Når Framtida.no har kome i kontakt med ungdomspolitikarar der, har alle prata om eit såkalla sekterisk samfunn, altså eit samfunn der folk orienterer seg etter den gruppa dei er ein del av, til dømes religion eller etnisitet.

Splittinga kjem verkeleg til syne i nasjonalforsamlinga, der ulike sete er reserverte for spesifikke religiøse grupper.

– Det er jo for å sikre at ingen minoritet blir oversett og diskriminert, og er sånn sett noko som skal beskytte, seier Kåset.

Ho er likevel skeptisk til om det er ei god løysing på lang sikt, og meiner det tek frå enkeltpolitikarar ansvaret for at det skal gå bra med alle innbyggjarar i landet.

– Det er jo eit viktig prinsipp i landet vårt at du er statsminister for heile Noreg, ikkje berre ditt parti.

Religiøs demografi og fordelinga av representantar

I det libanesiske parlamentet er det 128 representantar.

Dei kristne seta er fordelt slik:

  • Maronittar: 34
  • Gresk-ortodokse: 14
  • Melkittar: 8
  • Armensk-ortodokse: 5
  • Armenske katolikkar: 1
  • Protestantar: 1
  • Andre kristne minoritetar: 1

Dei muslimske seta er fordelt slik:

  • Sunnimuslimar: 27
  • Sjiamuslimar: 27
  • Drusarar: 8
  • Alawiar: 1

Før var det fleire kristne representantar enn muslimske representantar, men den fordelinga endra seg då parlamentet vedtok å endre grunnlova etter borgarkrigen.

I 2023 estimerte styresmaktene i USA at det var rundt 31 prosent kristne og 69 prosent muslimar i Libanon. Drusarar blir rekna som muslimar i denne teljinga, trass i at dei har ein eigen religiøs tradisjon.

Det er ikkje mange land i verda som brukar eit slikt system, fortel Zgheib.

– Bosnia-Hercegovina er truleg eitt av få land som har ei grunnlov som Libanon, strukturert rundt formell maktfordeling mellom etniske grupper, seier han.

Lebanese Forces representerer hovudsakleg kristne, og har 19 representantar i nasjonalforsamlinga.

Zgheib er skeptisk til systemet, slik det er i dag.

– Det fungerer ikkje bra, frå mitt synspunkt, seier han.

Han ville heller hatt eit meir desentralisert system, slik at lokale regionar både kunne bestemt over og bidratt meir sjølv til sine eigne lokalsamfunn. I tillegg til at individ kan få meir ansvarskjensle for samfunnet og landet, trur han færre ledd og mindre makt sentralisert i toppen kan føre til mindre korrupsjon.

Korrupsjon har vore eit hovudproblem i Libanon dei siste åra, og ført til meir fattigdom og større forskjellar, ifølgje ein 2022-rapport frå Chr. Michelsens Institutt (CMI). Det var også noko av det som utløyste store demonstrasjonar i 2019, som førte til nye parti og omveltingar i valet i 2022.

Eit land i krise

Zgheib ønsker seg omfattande reformer i landet, men det kjem truleg ikkje til å skje med det første.

Akkurat no står landet i ein vanskeleg situasjon på fleire nivå.

Trass i den mellombelse våpenkvila med Iran for kort tid sidan, heldt Israel fram med bakkeinvasjon av det sørlege Libanon og bombing av sørlege Beirut, i område der Hizbollah tradisjonelt har fotfeste, fordi Israel ser på gruppa som ei forlenging av Iran.

Våpenkvila som starta natt til fredag, skal allereie vere broten av Israel, ifølgje den libanesiske hæren, skriv VG.

Libanon sitt helsedepartement seier at over 2200 personar i Libanon har døydd i israelske åtak sidan krigen starta, skriv NRK. Ifølgje dei siste tala frå Verdas Helseorgansiasjon (WHO) er i underkant av 7000 skadde, og rundt 100 000 fordrivne er registrerte i krisesenter. Totalt er det over éin million internt fordrivne i landet, ifølgje FN.

Hizbollah er ikkje avvæpna, trass i både planar og ordre frå dei libanesiske styresmaktene tidlegare.

Vegen fram mot valet i 2028 blir med andre ord lang.

Norske Kåset har stor sympati med libanesarane. Samarbeidsprosjektet mellom norske og libanesiske ungdomspolitikarar vart vidareført før påske, men ho fortel at det blir veldig vanskeleg å møtast fysisk, som ho meiner hindrar den mest verdifulle utvekslinga dei får til i ordninga.

– Det er heilt forferdelege forhold, og ikkje ein sikker situasjon. Det må bli våpenkvile, seier ho.