Etter åra som kokkelærling fekk Marthe Kilen tilbake sitt sosiale liv som konditor. 20 år gamal levde ho livets glade dagar i Trondheim, og pendla heim til Fosen for fotballen.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 12.06.2024 14:06

– Eg var fryktlaus, eg trur faktisk det. Livet var herleg og ingenting kunne stå i vegen for det liksom, skriv Marthe Kilen i ein e-post til Framtida.no.

37-åringen frå Fosen har vorte eit kjent andlet òg utanfor matkrinsar etter innsatsen som dommar i NRK-suksessen Bakemesterskapet.

Kokk og konditorlærling

I 2007 var ho 20 år og nettopp ferdig med kokkefagbrevet. Derifrå gjekk ho rett vidare i konditorlære på anerkjente Britannia Hotel i Trondheim.

Kilen var òg aktiv fotballspelar på Stadsbygd IL, og reiste med ferja for å dra på trening på Fosen, to gonger i veka.

Marthe Kilen utkledd som Pamela Anderson og svigerinna utkledd som engel på karneval i 2006.

– Som kokkelærling var det mykje kveldsjobbing, men som konditorlærling var det dagjobbing og eg fekk tilbake det sosiale livet mitt igjen. Som kokk er det mykje kveld og helg, og då blir vennene dine gjerne bransjefolk. Men vennene mine har stort sett dagjobbar, og dei var der heldigvis òg etter kokkelæra. Kvardagen gjekk vel eigentleg i jobb, fotball, og å henga med venner, minnest Kilen.

– Livet var ganske flott i 20-åra. Me hadde ikkje så mange bekymringar. Alt kjendest veldig trygt og godt.

Gift med ungdomskjærasten

Ho levde livets glade dagar med mykje festing og sosialt samvær i ei leilegheit i Ila i Trondheim. Leilegheita delte ho med kjærasten Morten, som ho allereie hadde vore saman med i fem år og trulova med i to av desse.

– Eg var stormforelska, framleis fem år etter me vart saman. Me gjorde alt saman, heile tida. Eg hugsar at eg var ca. 16 år og han flytta inn tv-en sin i kjellarstova som var rommet mitt heime hos mamma, det var ganske stort. Då var det alvor liksom. Vi gifta oss då eg var 22 år og har i dag vore saman i 22 år og gift i 15 år.

– Hugsar du 20-årsdagen din? 

– Viss eg hugsar rett no så var eg i Syden med mamma og veslesyster, og me reiste heim på bursdagen min. Då eg kom heim i leilegheita hadde Morten ordna overraskingsbursdag til meg. Der var alle vennene mine og me hadde det sååå gøy. Just my kind of birthday.

Britney Spears og Tor Endresen

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Ro deg ned!!! Ta livet litt meir seriøst. Det er det eg kjenner eg burde sagt i alle fall. Men samtidig, why??? Lev livet! Du har eitt liv, NYT! KØYR PÅ! Hald fram sånn.

Marthe Kilen fekk mykje positiv merksemd på 20-årsdagen 19. mai 2007. | Foto: Privat

I 2007 minnest Kilen at Britney Spears skapte overskrifter då ho barberte hovudet sitt. I tillegg høyrde ho på Tor Endresen, som var den aller første cd-en ho kjøpte.

Marthe Kilen (til venstre) og ei venninne.

– Det høyrer eg på den dag i dag. Gul dressjakke med ein kassegitar på coveret. Haha. Eg var òg veldig glad i Jahn Teigen og Trine Rein. Trine Rein var vel mest fordi mamma høyrde på det då eg vaks opp, så det har liksom berre følgt med vidare. Mannen min seier at eg har den verste musikksmaken i verda, noko eg er heilt usamd i sjølvsagt.

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Eg har alltid vist kva eg skulle bli. Då eg var liten sa mamma at eg brukte å seia: «Når eg blir stor skal eg reisa rundt i verda på motorsykkel og laga mat!» Det vart nesten sånn. Eg tok motorsykkellappen i 2011 og eg driv framleis med mat.

Frå 3 til 6

Kilen skildrar seg sjølv som «ikkje veldig skuleflink», men kom seg gjennom ungdomsskulen med stort sett 3-arar. Ho var aldri i tvil då ho søkte seg til restaurant og matfag på vidaregåande.

– For første gong i livet fekk eg 5-arar og 6-arar i yrkesfaga. Framleis 2-arar og 3-arar i allmennfag, men pytt-pytt. Det var noko eg var god på òg. Det var ei herleg kjensle, skriv Kilen, og legg til:

– Har aldri angra eit sekund på det valet eg tok den gongen. Ganske flink har eg vorte også.

 

Konditoren kan mellom anna skilta med å ha vore utøvar og kaptein på det norske bakar- og konditorlandslaget i perioden 2020-2022, og vann beste sjokoladeskulptur i NM i 2023.

I år er det òg ti år sidan ho opna konditoriet Fru Nelik i rådhuset på Rissa, heime på Fosen. Namnet på bedrifta kan ved første augekast sjå ut som ein skrivefeil, men er ganske enkelt etternamnet Kilen baklengs.

– Berre daud fisk følgjer straumen

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida i 2007?

– Eg hugsar at livet var bra. Ingen bekymringar, ingen lån. Begge to hadde jobb og løn. Eg hadde ein jobb eg stortreivst i og er ganske sikker på at eg kjende meg som kongen på haugen den tida. Ikkje store framtidsplanar, men tok livet litt som det kom og levde ein dag av gongen. Det var ingen draum om barn og stakittgjerde, og heller ikkje det å ein dag skulle driva eige firma, skriv Kilen, som i dag har eige firma og to barn.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Berre daud fisk følgjer straumen. Lev livet ditt akkurat som du sjølv vil og gje litt meir faen. Det går som regel bra. Eg har ei tatovering på armen som seier: «Snille piker kommer til himmelen. Vi andre kommer så langt vi vil». Eg trur framleis på det.