Cathrine Dokken Belsheim har imponert heile Noreg med sine kunstnariske kaker og bakverk i Bakemesterskapet. Som 20-åring var det på lerretet ho fekk utløp for kunsten sin.

– Kvardagen bestod av skule, og jobb etter skulen og i helgene. Eg hugsar det var litt av ei heilomvending mentalt i løpet av ein dag å gå frå å stå i lang målarkåpe blant lerret, linolje og aktmodellar, til å ta t-bana til Stovnersenteret og selje siste mote hos Vero Moda, minnest Cathrine Dokken Belsheim.
Då Bakemesterskapet-vinnaren var 20 år, hadde ho flytta frå heimstaden Valdres og var på sitt andre år i Oslo, der ho studerte kunst ved Oslo Kunstfagskole.
Du fekk kanskje med deg Frida Kahlo-kaka Belsheim laga i finalen av NRK-programmet, der ho hadde målt det ikoniske motivet i kremen. Som 20-åring valde ho å fordjupe seg i måleri, men det gjekk truleg i meir tradisjonell måling enn smørkrem.
– Eg hadde få bekymringar og grubla vel eigentleg ikkje så mykje på korleis denne utdanninga skulle bli til eit levebrød etter kvart. Det eg visste var at eg likte det eg heldt på med og at eg var «heime» i dette studiet. Eg har alltid vore veldig glad i å teikne og skape ting med hendene, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.
Se dette innlegget på Instagram
Discman og Sagaen om Isfolket
Belsheim hugsar starten av 20-åra som ei tid ein ofte trefte nye menneske og visste kor ein skulle gå for å få den billegaste halvliteren.
– Ein hadde alltid litt for lite pengar, men levde livet likevel.
Universet bestod av studium, jobb, kjæraste og familie.
– Det er nesten flautt å tenke på kor lite eg hugsar av kva som skjedde elles i verda på den tida.
Men musikk var ein viktig del av ho, då som no.
– Eg brukte musikken aktivt for å bli inspirert og forsvinne litt inn i ei anna verd og fantasien. Hugsar eg ordna meg skikkeleg bra til ved staffeliet før eg byrja å måle – med cd-mappa, discman og eit Sennheiser-headset med fantastisk god lydkvalitet. Snakkast liksom!
Det einaste ho kan hugse at ho las på den tida, utanom kunsthistorie på skulen, er Sagaen om Isfolket av Margit Sandemo.
– Eg slukte dei bøkene rått. Sikkert fordi dei er lettlesne og at historiene stort sett går bra til slutt. Det føltest bra i ein kvardag med kunst, som kunne vere ganske tung materie.
Blakk student
Den dåverande kjærasten var nok den viktigaste personen for 20 år gamle Cathrine, men òg venninnegjengen, kusinene, veslebroren, foreldra og besteforeldra var viktige.
– Dei hadde/har alle til felles at dei får meg til å føle meg trygg og avslappa. Folk ein kan vere hundre prosent seg sjølv saman med og som også treng ein tilbake med jamne mellomrom.
– Hugsar du 20-årsdagen din? Kva gjorde du?
– Haha … Skammeleg, men eg hugsar ikkje 20-årsdagen min.
Belsheim har ikkje eitt minne som skil seg ut frå då ho var 20 år, men meir eit inntrykk av korleis den tida føltest.
– Det som føltest viktig var skule, kjærasten, vennar, familie, musikk og fest – OG pengar, fordi ein alltid hadde litt for lite av det.
Foto-frelst
– Visste du kva du skulle bli i livet?
– Ikkje i det heile tatt. Og det forbausar meg at eg hadde såpass til kvilepuls at eg stod og måla på lerret utan å tenke på kva eg skulle om to eller fem år fram i tid.
Bakemesterskapet-vinnaren har derimot alltid visst at ho ville skape noko med hendene og bruke kreativiteten sin.
– Det har liksom aldri vore noko anna oppe til vurdering. Då eg skulle søke linje på vidaregåande, kunne det like gjerne stått «Teikning, form og farge» på 1., 2. og 3. val. Og sidan eg har hatt ekstrajobbar ved sidan av skule heilt sidan tidleg ungdomsskule, har eg alltid hatt ein tryggleik i at ein alltids kan få seg ein jobb.
I løpet av skuleåret, fekk Belsheim delta på eit fotokurs, og ei stor brikke fall på plass med tanke på å kombinere det ho ville halde på med, med jobb.
– Etter det fotokurset blei eg frelst og ferda gjekk vidare til foto-studium. Nokre år etter det igjen, til sveinebrev og eiga bedrift.
Å passe inn
Valdrisen fortel at vegen blei til etter kvart som ho gjekk. Ho tenkte at ho ein dag truleg kom til å flytte heim att til Valdres. Ho såg ikkje for seg å bli buande i Oslo, sjølv om ho stortreivst der.
– Det blei sju fine år i byen før eg flytta heim og starta for meg sjølv som fotograf. Eg har aldri klart å leggje ein plan for kva eg skal fem år fram i tid. Det skjer alltid nye ting som påverkar vurderingar for neste rykk, tenker eg. Det er framleis ein balanse eg jobbar med. Det å både ha ein god plan ein held seg til, men også vere open for moglegheiter som dukkar opp.
– Kva var di største frykt?
– Eg visste det kanskje ikkje då, men eg ser at som ung gjer ein veldig mykje for å passe inn i sitt miljø og sin gjeng. Meir og kanskje mindre bevisst tar ein avgjerder som er smarte for å ikkje hamne utanfor. Det gjer ein for så vidt som vaksen også, men ein har litt større ro på å lytte litt meir til seg sjølv og kva ein eigentleg føler for og har lyst til.
Folk er folk
Cathrine Dokken Belsheim ville råda den 20-årige seg til å prøve å sjå kva dei naturlege talenta og eigenskapane hennar er, og ikkje undervurdere dei, men lære å bruke dei.
Ho ville også sagt at det enkle ofte er det beste, og at ein kjem veldig langt med å ha ein plan og gjennomføre ting ein startar på. Og at folk er folk.
– Som «gründerjente» er det mykje som har føltest stort og skummelt. FOLK har føltest store og skumle. Men dei er folk som fis dei òg, har mista ei bestemor, eller likar kanskje ikkje reker så godt dei heller. Og mest sannsynleg er du god på andre ting enn dei, derfor treng dei deg og du dei. Det skulle eg gjerne bede 20-årige meg om å tenke på.