– Det at eg ikkje hadde det så bra då eg var 20 år, har gjort at eg er der eg er, trur dommaren i Bakemesterskapet.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 05.06.2024 14:06

– Eg trur ikkje eg var så veldig nøgd med livet då eg var 20 år, forklarar diplombakar André Løvaas på telefon til Framtida.no.

49-åringen frå Eplerød i Holmestrand har vorte eit kjent andlet etter å ha delteke som dommar i Bakemesterskapet på NRK.

Brød til tusen mann

Han har tidlegare vore trenar for det norske bakar- og konditorlandslaget, har vore med på å skriva læreboka Bakerboka, og jobbar i dag som kvalitets- og produktutviklingssjef i Åpent Bakeri.

Som 20-åring var han i gang med læretida på Jensens konditori i Larvik, etter å ha fullført militærtenesta som bakar ved Skjold leir.

– Det var ganske rutineprega å laga brød til tusen mann. Eg hugsar ikkje heilt kor mange det var, men det var veldig mykje brød som gjekk med til frukost og lunsj. Det var ikkje den store kreative oppgåva, men så er militæret generelt ikkje så kreativt heller.

Idolet Ingrid

Allereie i ein alder av fem–seks år sat André Løvaas på fanget til mor og proklamerte, då han såg Ingrid Espelid på TV, at: «Sånn skal eg bli, mamma». Difor vart det kokkelinja på vidaregåande i Tønsberg.

– Eg har aldri hatt problem med at eg ikkje har visst kva eg ville bli. Etter å ha hatt utplassering på eit bakeri hoppa eg over frå kokkeutdanning til bakar- og konditorutdanning i Sandefjord, forklarar han.

Då han då var ferdig i militæret og på full veg inn i draumeyrket som bakarlærling, skulle ein kanskje tru at alt var på stell for 20-åringen, men det var ikkje tilfelle.

– Eg var sikkert veldig umoden på den tida. Eg leita veldig etter kven eg var og følte meg utanfor i verda. Eg har alltid hatt eit kunstnarsinn og elskar kreative prosessar, som det var lite av som lærling i eit bakeri, der ein lærte at: «Her gjer me det sånn», minnest Løvaas, og legg til:

– Det handla nok meir om meg enn læreplassen. Eg følte meg ganske utanfor i livet.

Nokia 3110 og Braveheart

I 1995 flytta 20-åringen på hybel for seg sjølv i Larvik. Der måtte han låna huseigar sin fasttelefon fram til han fekk sin eigen mobiltelefon. Etter kvart fekk han ein gamal Nokia 3110, som var berre til naudbruk sidan det kosta 10 kroner minuttet å ringa og det var få som kunne ta imot tekstmeldingar.

– Det var familie som var det viktigaste. Eg har ein tvillingbror og me hadde vore så tette heile livet. No hadde me byrja å gå ulike vegar og då vert ein kanskje ekstra åleine, funderer Løvaas.

20-åringen syntest det var tungt å vera åleine i ein ny by på ein arbeidsplass med berre vaksne menneske som gjekk heim til sitt.

Han hugsar verken 20-årsdagen sin eller mange andre store hendingar det året, men ein ting gjorde inntrykk.

– Filmen Braveheart var noko av det feitaste eg hadde sett. Eg trur det handla om at det var nokon som ville noko, ville bryta nokon grenser og bryta ut, minnest 49-åringen.

Ikkje A4

Ved sida av arbeidet dreiv han med kor og leita etter ulike måtar å uttrykkja seg på.

– Eg var utruleg lite til stades i verda, hadde mange tankar i hovudet og sat og skreiv dikt. Resten av verda berre flaut. Eg hugsar det som ei formbar tid der ein brukte mykje krefter på å finne seg sjølv, minnest Løvaas.

Om han hadde møtt seg sjølv som 20-åring hadde han sett ein mann som hadde mykje inni seg, og som leita etter ein måte å uttrykkja seg på. Løvaas minnest at han som ung hadde dårleg samvit for å ikkje villa oppfylla samfunnets kriterium i livet.

– Mi størte frykt då eg var 20 år, var å bli åleine fordi eg såg at eg ikkje passa inn i A4-mønsteret. Det var ingen som sa at det er greitt og at du kan gjera det du vil. Eg tenkte at då må eg leva åleine om det er det eg vil, men så fanst det ei dame som hadde lyst å leva det livet eg ville, seier Løvaas, som saman med kona har valt å ikkje få barn.

Musikk og bakst

Bakaren har alltid gått fullt og heilt inn i det han driv med, og identifiserer seg difor sterkt som bakar, men etter å ha fullført læretida i Larvik var han utilpass og valde å følgja musikkinteressa på Møre folkehøgskule. Eit fantastisk folkehøgskuleår i midten av 20-åra vart til ein jobb som lærarassistent på skulen.

Eigentleg hadde han lagt bakarlivet på hylla, men etter ein sommarjobb på eit bakeri i Ørsta vart han oppmuntra til å søkja seg til arbeidsplassen han framleis har i dag.

– Musikken, dikt og bakefaget er alt eit uttrykk for kven du er. Det er ingen som bakar like brød. Den dag i dag vil eg alltid finna noko nytt, snu på flisa og uttrykkja meg gjennom det eg gjer, forklarar Løvaas.

André Løvaas var i militæret året 1994/1995. | Foto: Privat

Livsvisdom

Skulle han gitt seg sjølv råd som 20-åring, så var det å vera nyfiken og læra nye ting.

– Det er gøy og utvidar horisonten. Nokre gonger er det tungt å læra nye ting, men du tener på det i lengda.

Rådet frå «gamle André» til «unge André» vert vidare:

– Drit i samfunnet. Alle snakkar om å ha leilegheit når ein er 22 år, men det handlar faktisk om kva du gjer ut av livet. Ikkje kopla deg på alle krav. Bryt med norma. Det er ikkje samfunnet som bestemmer kven du skal vera.

Vidare meiner han det er viktig å vera tolmodig og samla på bra menneske.

– Om du ikkje har det bra, så slapp av. Ikkje tenk at du må gjera noko. Gjer det som er rett for deg, då er du på veg ein plass. Det verste om ein har det bra eller dårleg er å gjera ingenting. Det at eg ikkje hadde det så bra då eg var 20 år har gjort at eg er der eg er i dag.