Temu får gigabot av EU
EU-kommisjonen har gitt den kinesiske nettbutikken Temu ei bot på 2,2 milliardar norske kroner for å ha tillate sal av ulovlege produkt på plattforma.
Blant varene som er nemnde, er farlege babyartiklar og defekte ladarar.
Bota er utfallet av ei etterforsking som har gått føre seg sidan 2024, og det blir slått fast at Temu ikkje har greidd å handtera risikoen for at farlege eller ulovlege produkt blir selde på plattforma.
– Ein stor prosentdel av dei testa barneleikane utgjer ein tryggingsrisiko på medium eller høgt nivå fordi dei inneheld kjemikaliar som overskrid minstestandardar for kva som blir rekna som sikkert, eller medfører risiko for kveling på grunn av delar som kan løysast, skriv EU-kommisjonen i ei pressemelding.
Temu har no fått tre månader på seg til å leggja fram ein handlingsplan for korleis dei skal handtera problemet.
– Temus risikohandtering undervurderer konkrete farar, er uspesifisert, er ikkje basert på evidens og manglar samanheng. No er det på tide at Temu følgjer lova, åtvarar EU-kommisjonens visepresident Henna Virkkunen i ei fråsegn.
Bota er likevel relativt liten målt mot Temus omsetning på om lag 550 milliardar kroner i 2025.
EUs digitale tenestedirektiv (DSA) opnar for å gi bøter på opptil 6 prosent av årsomsetninga – noko som i Temus tilfelle ville utgjera om lag 33 milliardar kroner.






