Måling: Menn og unge meir positive til EU

Unge menn er meir positive til EU-medlemskap, men rådgivar åtvarar mot å tolke det som ei markant haldningsendring.

NPK-NTB
Publisert

Av dei spurde svarte 35 prosent ja og 49 prosent nei på spørsmålet om dei ville stemt for norsk EU-medlemskap dersom det var folkeavstemming i morgon. 16 prosent svarte «veit ikjke».

Målinga er utført av Opinion på oppdrag for Dagsavisen og FriFagbevegelse.

Blant menn har delen som ville stemt ja, auka med 9 prosentpoeng det siste dryge året, medan delen som ville stemt nei, har falle med 11 prosentpoeng.

For unge under 30 auka ja-andelen med heile 14 prosentpoeng frå mars til mai i år.

Opinion-rådgivar Maria Rosness åtvarar likevel mot å tolke dette som ei markant haldningsendring. Ho peikar på geopolitikk som ei mogleg forklaring på rørsla blant menn.

– Den globale uroa, der USA er såpass uføreseieleg og har gitt tydeleg signal om at Europa må klare seg sjølv, gjer at fleire menn tenkjer det er tryggare å søkje seg mot EU.

Målinga baserer seg på telefonintervju med 1001 personar i perioden 4.–10. mai. Feilmarginen totalt er 1,4 til 3,1 prosentpoeng, medan han for menn og unge under 30 er på høvesvis 1,9 til 4,9 og 3 til 6,9 prosentpoeng.