Tobias Sten får Dialektprisen 2025
Countrymusikaren frå Stord blir heidra for å synge på dialekt.
– Herregud, for ei ære! uttalar Tobias Sten (22) i ei pressemelding frå Norsk Målungdom.
Dei har kåra artisten frå Stord til eit dialektførebilete for ungdom.
– Eg er jo ein fyr som er utruleg stolt av dialekta mi. Ho er uniforma mi, fortel vinnaren i pressemeldinga.
Suksessfull artist
Tobias Sten gav i 2025 ut debutalbumet sitt, og fleire av låtane hans har prega topplistene det siste året. Han vart den mest strøymde norske artisten på Spotify i fjor, og vann pris for «Årets gjennombrot» og «Årets låt» på P3 Gull.
Nyleg kapra artisten frå Stord heile seks Spellemann-nominasjonar.
– Eg må innrømme at nominasjonen for årets tekstforfattar sette spor, seier Tobias Sten til NTB.
Set bygda på kartet
– Det er kult at Noregs mest populære artist ikkje berre er ein ung fyr som brukar dialekta si i låtskrivinga, men også vel å aktivt stå opp for ho i media, meiner leiar i Norsk Målungdom Sebastian Vinsent Natvik.

Sebastian Vincent Natvik. Foto: Norsk Målungdom
Han viser til at stordabuen i fjor haust gjekk ut mot dialektbyte i eit intervju med Aftenposten.
– Dialekt er ein så mektig identitet hos eit menneske. Eg føler at eg set heimbygda mi på kartet når eg tek ho i bruk, uttalar artisten i pressemeldinga frå Målungdommen.
Norsk er populært
I fjor var det artist Synne Vo som fekk Dialektprisen av Målungdommen. Tobias Sten har med artisten frå Lesja på den Spellemannsnominerte låten «Ingen her e deg».
– Eg har lenge vore ute etter ei jente med særeiga dialekt og nokre fin-sære gloser. Vi snakka mykje og kunne begge relatere til temaet rundt «håplaus kjærleik i ei lita bygd», sa Sten om låten.

I låten «Ingen her e deg» møtest dialekt frå Stord og Lesja. Foto: Marius Sørgjerd
Målungdomsleiar Natvik ser ein tydeleg tendens til at norske dialekter får ein større plass på topplistene.
– Me synest det er utruleg fint at norske ungdommar kan kjenne att språket sitt i populærkulturen og høyre på artistar som er ærlege om kor dei kjem frå, uttalar Natvik.
Tidlegare vinnarar av Dialektprisen:
2024: Synne Vo, artist
2023: Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland, artistar
2022: Karsten Warholm, friidrettsutøvar
2021: Kjartan Lauritzen, artist
2020: Victor Sotberg, YouTubar og programleiar
2019: Helsesista (Tale Maria Krohn Engvik), SoMe-personlegdom
2018: Lothepus (Leif Einar Lothe), TV-kjendis
2017: Silje Nordnes, Markus Neby og Ronny Brede Aase for P3morgen
2016: Josefine Frida Pettersen, skodespelar
2015: Daniel Kvammen, artist
2014: NRK og TV2 sitt VM-studio under fotball-VM 2014
2013: Tønes, artist
2012: Harald Rønneberg, programleiar
2011: Therese Johaug, skiløpar
2010: Lars Vaular, artist
2009: Eli Kari Gjengedal, vêrmeldar
2008: Linda Eide, morokvinne på fjernsyn
2007: Ingrid Bolsø Berdal, skodespelar
2006: Hopalong Knut, rockegruppe
2005: Are og Odin, moromenn på radio
2004: Ravi, artist
2003: Filmen United v/Magnus Martens, regissør
2001: Tungtvann, hiphopgruppe
Kjelde: Norsk Målungdom






