Synne Vo får dialektpris

Artisten frå Lesja får Norsk Målungdom sin dialektpris.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Synne Vo har blitt populær dei siste åra med fengande låtar på gudbrandsdøl. Ho lagar musikk som treffer unge og er med på å assosiere innlandsdialekt med popkultur og nyskaping, uttalar leiar i Norsk Målungdom Sebastian Vinsent Natvik i ei pressemelding.

Synne Vorkinn, kjent under artistnamnet Synne Vo, får Dialektprisen for 2024 under landsmøtet til Norsk Målungdom. Dei deler kvart år ut pris til eit dialektførebilete for unge.

Synne Vo gav i fjor ut debutalbumet Kanskje det går te helvete. Tidlegare i år fekk ho mykje merksemd for låten Du ska få en dag i mårgå, som er ein versjon av Alf Prøysen sin folkekjære song.

Målungdommen synest det er stas å kunne gje prisen til eit ungt førebilete som er på veg opp.

Sebastian Vinsent Natvik er leiar i Norsk Målungdom. | Foto: Norsk Målungdom

– Musikk er ein utruleg viktig kanal for å formidle kultur og identitet, og dette gjer Synne på strålande vis ved å kombinere det bygdenostalgiske og heimekjære med ei universell oppleving av å vere ung og svolten på livet, meiner Natvik.

Vinnarar av Dialektprisen:

2023: Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland, artistar

2022: Karsten Warholm, friidrettsutøvar

2021: Kjartan Lauritzen, artist

2020: Victor Sotberg, YouTubar og programleiar

2019: Helsesista (Tale Maria Krohn Engvik), SoMe-personlegdom

2018: Lothepus (Leif Einar Lothe), TV-kjendis

2017: Silje Nordnes, Markus Neby og Ronny Brede Aase for P3morgen

2016: Josefine Frida Pettersen, skodespelar

2015: Daniel Kvammen, artist

2014: NRK og TV2 sitt VM-studio under fotball-VM 2014

2013: Tønes, artist

2012: Harald Rønneberg, programleiar

2011: Therese Johaug, skiløpar

2010: Lars Vaular, artist

2009: Eli Kari Gjengedal, vêrmeldar

2008: Linda Eide, morokvinne på fjernsyn

2007: Ingrid Bolsø Berdal, skodespelar

2006: Hopalong Knut, rockgruppe

2005: Are og Odin, moromenn på radio

2004: Ravi, artist

2003: Filmen United v/Magnus Martens, regissør

2001: Tungtvann, hiphopgruppe

Kjelde: Norsk Målungdom