Fleire studentar utestengde for juks med kunstig intelligens

Fleire utdanningsinstitusjonar i Noreg melder om ein tydeleg auke i saker der studentar blir utestengde grunna ulovleg bruk av KI.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Det viser nye desembertal frå Register for utestengde studentar (RUST).

518 studentar er no registrerte med sanksjonar i Register for utestengde studentar (RUST), opp frå 365 på same tid i fjor, skriv Khrono.

Brorparten KI-juks

Rundt 95 prosent av utestengingane skuldast juks, i hovudsak ulovleg bruk av kunstig intelligens. Resten av sakene gjeld i hovudsak om studenten er eigna for rolla.

Flest utestengde studentar er i aldersgruppa 19–24 år, med 209 registrerte sanksjonar. Dei fleste sanksjonane varer i 7–12 månader.

Det er framleis ei lita overvekt av kvinner blant dei utestengde studentane.

Universitetet i Søraust-Noreg (USN) og Høyskolen Kristiania ligg høgast når det gjeld delen utestengde studentar. Ved Høyskolen Kristiania auka talet på utestengingar frå 24 til 69 på eitt år.

NSO etterlyser klårare reglar

Norsk studentorganisasjon (NSO) meiner regelverket er utfordrande. Leiar Sigve Næss Røtvold peikar særleg på uklare og varierande reglar for bruk av KI, noko som gjer det vanskeleg for studentar å vite kva som er lov, seier han til Khrono.

— Spe­si­elt i ei tid kor kuns­tig in­tel­li­gens har gjort sitt inn­tog på den aka­de­mis­ke sce­nen er det vik­tig at vi stu­den­tar får grun­dig opp­læ­ring i korleis vi skal bru­ke det på ein trygg, god, fag­leg og pe­da­go­gisk måte, og at vi får in­for­ma­sjon om kva som er lov og ikkje, seier han til nettstaden.

Både utdanningsinstitusjonane og Norsk studentorganisasjon peikar på behovet for betre opplæring og tydelegare regelverk for bruk av kunstig intelligens i studia.