Aldersgrense i sosiale medium fekk EØS-kritikk – no er mesteparten borte
Reglane i EØS-avtalen gjer at regjeringa ikkje vil tvinge tech-selskap til å stenge ute dei yngste brukarane sine.
Regjeringa foreslo i fjor ei lov som skulle tvinge tech-selskapa til å innføre aldersgrenser i Noreg, men pålegget mot selskapa er no borte frå forslaget.
Lovforslaget gjekk ut på at selskap som tilbyr sosiale medium, skulle kunne påleggjast gebyr dersom dei ikkje etablerer ein eller annan mekanisme for aldersverifisering av brukarar med Ip-adresse i Noreg. No har dette fordampa til ei tilråding heilt utan norske sanksjonsmoglegheiter, skriv Rett24.
– Aldersgrense for bruk av sosiale medium er ein viktig del av Arbeiderpartiregjeringens arbeid med å tryggje barns digitale kvardag. Lovforslaget blir no sendt på EØS-høyring, sa barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) i ei pressemelding i byrjinga av mai.
Forslaget i fjor vart fagna av mange. Men mellom anna professor i EØS-rett, Stian Øby Johansen, meinte at forslaget burde kastast rett i bøtta fordi at eit slikt forbod ville vere både folkerettsleg tvilsamt og klart EØS-stridig.
No skriv regjeringa dette til Esa, overvakingsorganet som kontrollerer at mellom anna Noreg følgjer reglane i EØS-avtalen:
«I det opphavlege norske forslaget var forpliktelsene i lovteksten rettet mot tjenesteleverandørene, og ikke mot barna og foreldrene. I departementenes videre vurderinger ble det konkludert med at det ikke ville være forenlig med EØS-retten å utpeke tjenesteleverandørene som pliktsubjekter. (…) Lovteksten er derfor blitt endret i tråd med dette.»
Departementet har dessutan lansert eit forslag om at aldersgrensa ikkje skal gjelde for sosiale medium generelt – berre for «skadelege» sosiale medium. Kva som er eit «skadeleg» sosialt medium, skal det vere opp til tilsynsmakta å avgjere.






