Gjetar, festivalsjef og statsminister – her er CV-ane til dei nye statsrådane
I dag presenterte Jonas Gahr Støre åtte nye statsrådar i regjeringa si. Sjekk ut kva dei har gjort tidlegare.

Tysdag klokka 10 presenterte Jonas Gahr Støre åtte nye statsrådar. Desse tek over etter at Senterpartiet trekte seg frå regjeringssamarbeidet.
Det betyr at Noreg har si første reine arbeidarpartiregjering på 25 år.
Jens Stoltenberg tilbake
Mange av statsrådane i den nye arbeidarpartiregjeringa har erfaring frå AUF og det er no fem regjeringsmedlemmar som overlevde terroren på Utøya i 2011.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen, arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna og helseminister Jan Christian Vestre held fram i sine postar.
Tidlegare AUF-ar Nils Kristen Sandtrøen kjem inn som landbruks- og matminister og Åsmund Aukrust, som var nestleiar i AUF under Utøya-terroren, vert ny utviklingsminister.

Tysdag presenterte Jonas Gahr Støre den ferske regjeringa si på Slottsplassen. Her er dei nye statsrådane i Ap-regjeringa.
I tillegg kjem tidlegare statsminister Jens Stoltenberg tilbake til Noreg for å ta fatt på jobben som finansminister, ein post han òg har hatt tidlegare.
Her kan du sjå Framtida.no si oversikt over dei nye statsrådane sine tidlegare verv, arbeidserfaring og utdanning: