Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg har aldri vore så glad som då suspensjonane blei oppheva! Vi har vedtatt at vi skal lage ei antirasistisk plattform, noko eg er veldig fornøgd med. Den største sigeren er jo sjølvsagt å bli vald som leiar!

Amrit Kaur tok til i vervet som ny leiar i Raud Ungdom med eit brak i april i år, etter å først ha blitt suspendert frå ungdomspartiet. Starten av leiarperioden hennar var prega av intern konflikt og Kaur måtte beklage eit «terrorist»-utspel om Jonas Gahr Støre, Jens Stoltenberg og Nicolai Tangen.

 

Amrit Kaur

Alder: 20
Personleg pronomen: ho/henne
Frå: Drammen, men budde i Oslo i sju år, og hjartet mitt ligg på Bjølsen.
Yrke/utdanning: Gjekk medieproduksjon på Hellerud VGS og tok påbygg på Åssiden. No har eg fulltidsverv som leiar for Raud Ungdom!
Favorittfag på skulen: Eg elska samfunnskunnskap på VGS!
Ulike verv: Leiar og antirasistisk ansvarleg i Raud Ungdom!
Medlem i: Raud Ungdom og Raudt

No har ungdomspolitikaren fått nokre månaders erfaring med å leie organisasjonen, og ho håpar å kunne vere ein samlande og motiverande figur.

– Det beste med vervet mitt er alle medlemmane i Raud Ungdom, dei er så gode og så flinke! Eg vil byggje fellesskapet vårt enda sterkare, alle typar ungdommar skal ha ein plass i Raud Ungdom. Førebiletet mitt er Fred Hampton!

Fred Hampton var ein amerikansk politisk aktivist og medlem av Black Panther Party (BPP).

Palestina-engasjement

Kaur trekker fram eit fritt Palestina, å knuse rasismen, og å innføre ei samtykkelov som dei viktigaste sakene for Raud Ungdom i 2024. Ho vil kjempe for våpenkvile i Palestina og å få oljefondet ut av Israel.

Det har gått altfor lang tid no, og Noreg skal ikkje vere delaktige i eit folkemord!

Aktivist Fred Hampton, her i Chicago i 1969. | Foto: UPI, CC0, Wikimedia Commons

20-åringen frå Drammen meiner den største forskjellen på Raud Ungdom og moderpartiet er at ungdomspartiet er meir aktivistiske.

Så klart er det mange lokallag i Raudt som driv aktivisme, men i RU gjennomsyrer det heile organisasjonen. Vi har mykje større fokus på antirasisme enn Raudt, og dette er noko vi kjem til å pushe moderpartiet på!

Hjartesaker

Kaurs politiske engasjement vart vekt då ho såg likskapar mellom korleis svarte amerikanarar blei behandla i USA og korleis innvandrarungdom blir behandla i Noreg. Ho innsåg at det er systemet som er problemet.

– Eg gadd ikkje å vere deprimert over å lese om krig, klimakrise og rasisme i nyheitene lenger, og melde meg inn i Raud Ungdom.

Ung kvinne smiler til kamera. I bakgrunnen er det plakat med «Fritt Palestina».
Amrit Kaur tar over som leiar av Raud Ungdom. Foto: Privat

Hjartesakene hennar er antiimperialisme og antikrig.

– Eg meiner at det er umenneskeleg at dei same som er mest for Nato og at Noreg skal delta i krigar i andre land, også er dei som har ein konservativ asylpolitikk. Noreg har ingenting å gjere i Midtausten, og eg synest at alle dei pengane vi brukar på våpen burde vi heller bruke på velferd og klimatiltak.

Vidare er ungdomspolitikaren oppteken av tryggleiken til minoritetsungdom. Ho meiner vi framleis har store problem med systematisk rasisme i Noreg, både overfor nasjonale minoritetar og innvandrarungdom.

– Minoritetar fortener gode nok skular, kollektivtransport og trygge stadar å vere, og vi må få slutt på etnisk diskriminering frå politiet, barnevernet og skulen, slår ho fast.

Drøymer om fred og Nato-slutt

Amrit Kaur sitt idealsamfunn er eit samfunn utan klasse, stat eller pengar, der ein jobbar etter evne og får etter behov.

– Eit samfunn der verken rase, kjønn eller evner har noko å seie for kor godt liv du lever eller korleis du blir behandla. Der krig, vald og utnytting er noko frå fortida, utdjupar ho.

Det må ifølgje Kaur nåast gjennom at arbeidarklassa tar makta i eigne hender, og klarar å kjempe saman for det på tvers av landegrenser.

– Du vaknar opp i morgon til di draumenyheit: Kva er overskrifta?

– «Fred på jord etter oppløysinga av Nato».

Songtekstar og Pinterest

På fritida er Amrit Kaur glad i å høyre på musikk og analysere songtekstar. Ho likar godt Yasin, Kendrick Lamar og dei gamle songane til Arif.

– Elles brukar eg mykje tid på å skrolle på pinterest, feeden min består i hovudsak av sminke, akrylneglar og interiør.

Raud Ungdom-leiar Amrit Kaur føretrekker New York over hyttetur, men trur ikkje ho kjem inn i USA.

– Kva er den største tidstjuven i kvardagen din?

– E-postar eller medlemmar i Oslo Raud Ungdom som heng på kontoret og held meg med selskap.

Amrit Kaur ville ete middag med den amerikanske politiske aktivisten og professoren Angela Davis. Ho har vore ein forkjempar for rettane til afroamerikanarar, kvinner, homofile og fengselsfangar.

Kaur les avisa kvar morgon for å halde seg oppdatert, og får med seg mykje gjennom Instagram, men blir distrahert når ho høyrer på radio eller ser på nyheitene på TV.

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?

– Angela Davis, ho har skrive mykje viktig om samanhengen mellom rase, kjønn og klasse, og er ein viktig rollemodell for meg. Kanskje ho kan gi meg nokre råd?

– Eg hadde servert paneer makhani fordi det er digg.


Tre Tips

Omslag: Catapult

– Kva for ei bok burde alle lese?

White Tears, Brown Scars av Ruby Hamad. Ho skriv om korleis rasisme ser annleis ut for kvinner og menn, og korleis ikkje-kvite menn også er kjønnsundertrykte. Mange relevante eksempel, veldig god bok!

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– The Bear er veldig bra!

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

– Trakten min av Yasin.