Borgarleg valskred i skulevalet – éin av fire stemde Frp
Dei borgarlege partia tok ein overveldande siger i skulevalet med til saman 55,8 prosent av stemmene. Frp fekk 26 prosent av stemmene.

Framstegspartiet dobla nesten oppslutninga si frå 13,9 i 2021 til heile 26 prosent i år.
– Det er betre enn eg torde å drøyme om, seier FpU-leiar Simen Velle til NRK Dagsrevyen.
Velle er klar på kva han meiner er årsaka til den store oppslutninga om Frp blant dei unge:
– Ein kombinasjon av at vi har blitt endå tydelegare på kva vi meiner og kor utruleg viktig det er å få ein ny kurs for Noreg, seier han til stormande jubel frå partifellane under valvaka.
Han seier resultatet i dag er meir enn han torde å drøyme om.
– Eg kryssar fingrane for at stortingsvalet går nokolunde bra, seier han om sine eigne moglegheiter til å komme inn som fjerdekandidat på Oslo-lista.
Høgre-boom
Skulevalet blei halde på vidaregåande skular mellom 25. august og 2. september, og i år var 379 skular påmelde. Valdeltakinga ligg på 77,3 prosent.
Høgre fekk nest høgast oppslutning med 19,7 prosent av stemmene, også det ein stor framgang på 6,1 prosentpoeng frå 13,6 prosent i førre skuleval.
– Dette er ein enorm siger. Vi starta meiningsmålingane med 8 prosent oppslutning blant veljarar under 25 år og klarer likevel å levere dette, seier Unge Høgre-leiar Ola Svenneby til NTB.
Hadde dette vore valresultatet hadde Høgre og Frp fått fleirtal åleine med 86 mandat på Stortinget. Saman med KrF og Venstre hadde dei fått 101 mandat.
Venstre fekk meir enn halvert oppslutninga si med 3,8 prosentpoeng til 6,9 prosent. Det fjerde borgarlege partiet, KrF, fekk 3,2 prosent oppslutning – ein auke på 1,2 prosentpoeng frå 2021.

Ungdomspartileiarane Ola Svenneby (Unge Høgre), Simen Velle (FpU), Omar og Omar Svendsen-Yagci (Unge Venstre) i debatt. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Raudgrøn utforbakke
På raudgrøn side taper alle parti oppslutning.
Blant dei raudgrøne blei Arbeidarpartiet som venta størst, med 17,1 prosent oppslutning, men opplevde ein markant nedgang på 6,3 prosentpoeng.
– Eg skulle gjerne stått her og sagt at vi vann skulevalet, sånn blei det ikkje i år, seier AUF-nestleiar Nimrah Ramzan til NRK.
SV enda på 10,8, ned 1,9 prosentpoeng, mens Raudt fekk 2,8 prosent, ein nedgang på 1,8. Nedgang blei det også for både Senterpartiet og MDG. Dei fekk høvesvis 4,5 (-3,4) og 3,9 (-2,1) prosent oppslutning.
Blant dei mindre partia hadde Pensjonistpartiet (PP) 1,3 prosents oppslutning og Noregsdemokratane 1,2 prosent.
Skulevalet blei halde på vidaregåande skular mellom 25. august og 2. september, og i år var 379 skular påmelde. Valdeltakinga ligg på 77,3 prosent.