SU har fått nesten 500 nye medlemmar i skulevalkampen

SU-leiaren fortel at mange nye medlemmar har Gaza som si viktigaste politiske sak. Han håpar medlemsveksten er ein peikepinn på resultatet i skulevalet.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Det er historisk sterkt, sjølv når me ser på klimavalet i 2019. Me ligg betre an enn me gjorde då, seier SU-leiar Audun Hammer Hovda på telefon til Framtida.no.

Ved inngangen av året hadde ungdomspartiet 1297 betalande medlemmar. Før skulevalet byrja hadde partiet rett i underkant av 2000 medlemmar.

Etter ein intens vervekampanje i samband med skulevalet tel dei no 2460.

– Det har vore ein kraftig vekst, konkluderer Hammer Hovda.

Vervekampanjar

AUF er det desidert største ungdomspartiet med over 6500 medlemmar ved inngangen til 2025. På det tidspunktet talde Unge Høgre i underkant av 3000 og FpU nærare 2400.

SU var ved inngangen av året det femte største ungdomspartiet, etter KrFU.

Han fortel at partiet har hatt fokus på vervekampanjar, og har fått betre system som gjer det enklare å melda seg inn. Nye medlemmar betalar i likskap med tidlegare år 50 kroner første året, og 125 kroner dei neste åra.

Finnmark er det området der SU har opplevd størst prosentvis vekst, etterfølgt av Innlandet og Østfold. Oslo, Innlandet og Akershus har størst medlemsvekst i reine tal.

– Generelt opplever eg at unge er meir engasjert enn dei har vore på ei stund. 2019 var eit høgdepunkt på tvers av alle parti, men unge i dag er veldig opptatt av politikk og følgjer med på det som skjer, seier ungdomspartileiaren.

Han gler seg over utviklinga og håpar på eit vendepunkt der fleire vil bidra og påverka samfunnet rundt seg, etter ein periode då både parti, kultur og frivilligheita har slite med færre engasjerte.

Gaza-engasjement

SU-leiaren trur at veksten har samanheng med at dei har fokusert på aukande forskjellar og prisvekst, skulepolitikk knytt til fråværsgrense og eksamen og ikkje minst situasjonen på Gaza:

– Der har me fått veldig mange som har meldt seg inn med det som hovudårsak.

SU-leiaren håpar òg at medlemstala gjev ein peikepinn mot resultatet i skulevalet.

– Eg håpar det betyr at me har treft greitt og at me får eit godt resultat, men uansett vil eg vera nøgd. Det me jobbar for er å få fleire inn i rørsla som er med og kjempe. Allereie før me veit resultatet, er dette ein siger for SU, seier Hammer Hovda.