Senterungdommen vil ha oljefondet ut av Israel-kopla selskap

Nestleiaren for Senterungdommen ber moderpartiet gå inn for å trekkje oljefondet ut av selskap som leverer til det israelske militæret.

NPK-NTB
Publisert

Til Klassekampen seier politisk nestleiar Ashish Bhargava at partiet også må krevje at oljefondet trekkjer seg ut av selskap som opererer i okkuperte område.

– Eg meiner at no må Sp stille seg saman med dei andre partia på venstresida og presse på. Vi kan ikkje ha ei regjering som ikkje handlar. Dette er ein av dei største tragediane og mest grufulle konfliktane på mange titals år. Her må Noreg ta eit større ansvar, seier Bhargava.

I ei melding til avisa viser Sps parlamentariske nestleiar, Geir Pollestad, til at partiet i revidert nasjonalbudsjett saman med Ap og SV gjekk inn for å greie ut og innføre forbod mot handel og anna næringsverksemd med selskap som bidreg til å halde oppe Israels okkupasjon av palestinske område.

– Vi meiner at dei etiske vurderingane av investeringane i oljefondet er godt varetekne av etikkrådet, skriv Pollestad.